Krimforfattaren som ikkje toler blod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei må gjerne kalle bøkene mine kosekrim. Sjølv liker eg humor og spanande karakterar, så det er der eg har lagt trykket. Ikkje på partering eller djup galskap, slår Lauritsen Kjølner fast. Ho legg til:

– Eg toler ikkje blod! Då må eg sjå bort. Eg kallar dette ein «mord i nabolaget»-krim, eller ein skjergardskrim. Boka skal vere litt morosam og rappfota sommarlektyre.

LES OGSÅ: Miss Marple for første gong på nynorsk

Veldig underleg
Lene Lauritsen Kjølner har jobba 20 år med teksting av tv-program, men endra arbeidskår og dårlegare vilkår for frilansarar gjorde at ho ei stund var på utkikk etter noko anna.

– Med lang bakgrunn frå yrkeslivet og ein fin CV var eg i grunnen ganske optimistisk. Men eg merka snart at det ikkje kom noko respons på jobbsøknadane mine. Det syntest eg var veldig underleg. Kvinner på 40 pluss er ofte svært stabile arbeidstakarar, med mykje kunnskap og småbarnsperioden bak seg.

Lauritsen Kjølner tok med seg frustrasjonen til skrivebordet. Der dukka den nyskilde Olivia Henriksen opp.

– Ho slit fordi ho ikkje har vore i arbeidslivet men har basert seg på ambassadørmannen – som ho no er skilt frå. Før eg visste ordet av det hamna Olivia midt i ei mordsak, og eg skjønte at ein kvinneleg privatdetektiv var født, seier forfattaren til NTB.

Lene Lauritsen Kjølner møtte fordommar mot vaksne kvinner i arbeidslivet. Det fekk ho til å dikte opp ein kvinneleg privatdetektiv. No kjem andre bok om snushanen Olivia. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Kosekrim
Olivia har få eigenskapar til liks med hennar mange fordrukne mannlege kollegaer. Ho verkar i det heile tatt ganske skikkeleg.

– Ho kan kanskje minne om ei yngre Miss Marple. Ho er i alle fall det ein kan kalle ein god gammaldags snushane, ler Tønsberg-forfattaren – som skildrar sitt eige miljø i boka.

– Tønsberg og øyane rundt er rikt skildra, men sjølve Ankerholmen er oppdikta. Personane eg skildrar kan nok vere inspirert av folk eg kjenner eller har møtt. Og av meg sjølv. Men Olivia er mykje tøffare enn meg. Det er moro å slå seg litt laus og skrive fram ein så sprek karakter.

Forfattaren seier vidare:

– Når det gjeld yrkesvalet til Olivia, så spør eg ein kvinneleg privatdetektiv i Tønsberg til råds. Det rent polititekniske er eg ikkje så oppteken av. Og heller ikkje av blodige detaljar sjølv om dette jo er krim.

LES OGSÅ: Nesbø slepp laus leigemordaren

Politiske guteklubbar
Referansane til musikk kjem jamt og trutt i bøkene hennar.

– Eg er gift med ein musikar og gitarsamlar, så det er kjekt å bruke noko av det eg har lært av han i bøkene. Eg merker at dei mannlege lesarane set pris på det. Eg har også ganske mange lesarar frå Tønsberg-området. Dei synest nok det er moro å lese om eit miljø dei kan kjenne att.

Forfattaren er bystyrekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne, noko hennar nye bok «Hvorfor spurte de ikke Evensen?» er prega av. Mellom anna lèt ho debatten om ei bru frå Korten til Kaldnes bli del av plottet.

– Eg plar seie at eg skriv samfunnskritikk med humor og kjærleik. Men det ligg også eit alvor her, om dei politiske guteklubbane og alt det skjulte som skjer i maktkorridorane.

Lene Lauritsen Kjølner debuterte med «Høyt henger de» i 2014. No er ho aktuell med bok to i serien om Olivia Henriksen, og ser for seg ein lang serie.

– Målet er å gi ut ei ny bok i året, slår ho fast til NTB. (©NPK)

LES OGSÅ: Stuttreiste mord frå Lom