– KrFU går i 8.marstog for første gong

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har kjent oss ekskludert

– Grunnen til at me marsjerer i dag, er at me er lei av at venstresida har tatt eigarskap på ein internasjonal kvinnedag, seier Julia Sandstø til Framtida.no.

I ettermiddag kjem ho til å gå under plakaten «Feminisme – uansett politisk farge» saman med andre KrFUarar i 8.marstoget i Oslo.

– Kvifor har de følt dykk ekskludert frå 8.marstoget?

– Vi har følt oss ekskludert frå 8.marstoget fordi parolane ofte har meint at regjeringa driv kvinnefiendtleg politikk. Parolane har gjentekne gonger gått direkte på KrF-saker, og me har tidlegare sett Europeisk Ungdom og Unge Høgre har blitt vist bort fordi parolane deira strir imot raud feminisme, seier leiaren av Akershus KrFU.

– Samfunnet har utvikla seg
Det var venstresida som starta å gå i tog 8. mars. Men Julia Sandstø meiner samfunnet har utvikla seg.

– I dag har feminisme blitt ein internasjonal kamp for likestilling, og det må vera muleg for min generasjon å visa støtta si. Eg som sentrumspolitikar meiner det er irrelevant om ein er ein raud eller blå feminist. Feminisme handlar om like rettar og mulegheiter for begge kjønn, ikkje om «6 timars dagar» slik som ein av hovudparolane tilseier i år.

– Kva er feminisme for deg og KrFU?

– Mange har negative assosiasjonar med ordet «feminisme» fordi enkelte aktivistar har misbrukt omgrepet så grovt. Feminisme handlar rett og slett om likestilling, ikkje om å hata menn eller gro armhulehår. Noreg har kome veldig langt i likestillingsspørsmålet, men me er enno ikkje i mål.

Ønskjer fleire kvinnelege leiarar
– Kva er den viktigaste likestillingssaka for deg?

– Eg skulle ønskt me kunne sjå fleire kvinnelege leiarar i Noreg. Likevel, vil eg ikkje løysa dette ved kjønnskvotering, ettersom eg meiner at jenter ikkje treng støttehjul. Kjønnskvotering er diskriminerande mot kvinner i seg sjølv, og det er bedriftene som må ta ansvar. Når det gjeld utover våre landegrenser, brenn eg spesielt for utdanning for jenter – det er nøkkelen til likestilling, avsluttar Julia Sandstø.

Usamde, men velkomne
Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar i Raud Ungdom, seier dette til å få med KrFUarar i toget.

– For meg er 8. mars og den internasjonale kvinnedagen ei brei rørsle der alle er velkomne. Men det er òg ei rørsle der me går mot eit meir eller mindre samla mål. Og 8. mars har ein tradisjon frå venstresida i politikken. Me er usamde med KrFU og høgrepartia i fleire likestillingssaker, men eg vil ikkje seia at dei ikkje er velkomne i toget for det.

Faktaboks

Plakatane KrFU vil stilla med er:

1. Feminisme er grenselaust – uansett politisk farge
2. Utdanning for jenter er nøkkelen til likestilling
3. Gratis prevensjon for kvinner