Krev slutt på Oslo som bokmålsby

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo-politikarane vedtok 1977 at bokmål skal vere offisielt administrasjonsspråk i kommunen. Det tyder at ingen tilsette får lov til å bruka nynorsk i jobben sin.

35 år etter nynorskforbodet foreslår no Raudt å oppheva vedtaket.

– Noreg er i den heldige situasjon å ha to jamstilte skriftspråk, som begge er ein viktig del av kulturarven vår. Oslo kommune, som landets hovudstad, bør vera språknøytral langs heile lina, skriv bystyregruppa til Raudt i forslaget som truleg kjem opp i Finanskomiteen i Oslo kommune i mars.

LES OGSÅ: VG-redaktør vil ha nynorsk

– Oslo kommune er språknøytral i kommunikasjon med statlige organ, og Raudt ynskjer at tilsette skal kunne bruke den målforma dei vil i brev, utgreiingar og andre interne dokument, seier Ingrid Baltzersen (R).

Bakgrunnen for forslaget var at ho deltok i ein valdebatt i Vikværingen, fylkeslaget i Noregs Mållag, der denne problemstillinga kom opp, og politikarane blei utfordra til å gjera noko med saka.

– Grunnen til at me stiller forslaget er jo at me synst det er diskriminerande at tilsette i Oslo kommune ikkje får bruka nynorsk, understrekar ho.

– Burde skamma seg
Raudt får full støtte frå leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

– Oslo burde skamma seg over å forby eigne tilsette å bruka den eine av dei to offisielle norske språkformene. Dette er ikkje Oslo x-large, slik byen ønskjer å framstilla seg, seier han.

Øvregård viser til at hovudstaden truleg er den byen i landet med flest nynorskbrukarar, og at fleire butikkar, kafear og institusjonar bruker nynorsk her.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Før Finanskomiteen skal ta stilling til forslaget frå Raudt, skal byrådet koma med si innstilling. Øvregård minner om kva skulebyråd Torgeir Ødegaard skreiv då det var snakk forsøk med frivillig sidemålsundervising i Oslo-skulane.

– Han sa at det var viktig å arbeida for ei positiv haldning til nynorsk. Forslaget frå Raudt er nettopp dette, understrekar Øvregård.

Kva synest du om forslaget? Bør det vera lov for tilsette i Oslo kommune å skriva nynorsk?