Kranglar om økologisk mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er økologisk dyrka mat sunnare enn konvensjonell mat? Det spørsmålet gir Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) svar på i neste veke når ein ny rapport blir lagt fram.

Rapporten er den hittil største norske gjennomgangen av forsking om økologisk og konvensjonelt dyrka mat og matproduksjon. VKM har på oppdrag frå Mattilsynet gjennomgått og samanstilt forsking om økologisk og konvensjonell mat og matproduksjon. VKM har samanlikna dei to produksjonsformene og vurdert kva forskjellane har å seie for plantehelse, dyrehelse og -velferd og for helsa til menneske.

VKM har derimot ikkje vurdert kor berekraftig økologisk og konvensjonell produksjon er. Dei har heller ikkje vurdert konsekvensar for miljøet av økologisk produksjon samanlikna med konvensjonell produksjon. Årsaka er at desse aspekta ikkje har vore ein del av oppdraget frå Mattilsynet.

LES OGSÅ: Meir tungmetall i øko-grønsaker

Konklusjon neste veke
– Vi blir ofte bedt om å sjå på enkelte sider av ei sak. Våre vurderingar er difor berre ein del av eit større bilde, seier kommunikasjonssjef Astrid Bjerkås i VKM til Aftenposten.

Overfor NTB opplyser Bjerkås at rapporten ikkje blir lagt fram før neste veke og at VKM difor enno ikkje kan seie noko om konklusjonen. Ein tilsvarande rapport frå Storbritannia i 2009 konkluderte likevel med at det helsemessig ikkje er vesentlege fordelar ved å ete økologisk mat i staden for konvensjonell mat.

Mattilsynets seksjonssjef Are Sletta forklarar at tilsynet berre har bedt om ein rapport som ser på områda der Mattilsynet sjølv er tillagt styresmakt. Miljømessige sider er difor ikkje med i rapporten.

Saknar miljøvurdering
Forkjemparar for økologisk mat, blant dei Regine Andersen i Oikos, meiner det er feil å berre vurdere om ei økologisk gulrot er sunnare enn ei konvensjonell gulrot.

– Miljøeffektar er blant dei viktigaste argumenta for økologisk jordbruk. Dei handlar om å ta vare på den levande matjorda, mangfaldet av insekt, fuglar og andre levande vesen, om klima, energi- og ressursbruk. Økologisk jordbruk scorar høgt på slike parameter, seier ho. (©NPK)

Les meir om økologisk her!