Kraftig auke i arbeidsløysa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I januar var det 134.000 arbeidsledige, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken, ifølgje tal frå SSB.

Sidan mai 2014 har talet på ledige auka med 47.000. Av desse var 16.000 under 24 år. Arbeidsløysa blant dei unge er no den største på ti år.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 2000 frå oktober 2015 til januar 2016.