Korleis vart du du, Maria Parr?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva gjer du i sumar?
– I sommar giftar eg meg og lever livet i lange drag!

Kva er ditt beste sumarminne frå ungdommen?

– Eg synest det er vanskeleg å peike på eit spesielt minne, men sommarnettene er min favoritt. Anten aleine i ein stor og stille natur, eller saman med andre. Alt blir annleis om natta, og sommarnatta er magisk. Då vert heile vinteren verdt det.

Kven var du på vidaregåande?

– Eg var nok ganske lik den eg er i dag, men med færre erfaringar. Og derfor var eg modigare då. Eg visste ikkje kva konsekvensar ting fekk – det meste eg gjorde, gjorde eg for første gong på den tida.

– Og då hiv ein seg ut i dei mest fantastiske prosjekt. Ein veit ikkje kva kjærleikssorg er før ein har opplevd det, liksom. Elles har eg alltid sett fram til å bli over 30 år, for då var eg sikker på at ting endeleg skulle falle på plass og eg skulle finne roa og bli klok. Og slik trur eg jammen det har blitt også. Det er berre å gle seg til å gli gammal; det er herleg!

Hadde du nokre ungdomsheltar?
– Eg har generelt lett for å få heltar. Eg har heltar i hytt og pine, og det hadde eg då også. Menneske som vågar å bry seg om andre og å vere heilt seg sjølv, har eg alltid beundra. Den største helten min er, og har alltid vore, Astrid Lindgren, både som person og som forfattar.

Kva av livslærdom har fått deg dit du er i dag?
– Det veit eg ærleg tala ikkje. Det har jammen ikkje vore berre livslærdom. Men eg veit at det er veldig fint å ha venner og familie, og å bli eldre og klokare saman med dei. Det er menneska rundt meg som gjer alt verdt det. Menneska, bøkene og naturen – var det ikkje det ho sa, Halldis Moren Vesaas? Menneska, forteljingane og naturen, trur eg at eg må seie. Med menneska først. Eg samlar på menneske.

Kva er dine beste råd til unge som vil opp og fram?

– Ro ned.

Korleis får ein tid til alt som ung?

– Det gjer ein ikkje. Det viktige er at ein får tid til det ein kjenner inni seg er det viktigaste.

Kva er nynorsk for deg?

– Nynorsk er språket mitt. Orda mine. Det betyr uendeleg mykje for meg.

Kva song har hatt mest å seie for deg?

– Oj, det var vanskeleg. "Dagane" av Odd Nordstoga har ein heilt eigen plass i hjartet mitt. Det er også mange salmar som betyr mykje. "Lei milde ljos", til dømes. Eg likar songar med gode tekstar.

Kva ville du sagt til deg sjølv som 20-åring?

– Det kjem ikkje alltid til å vere så lett som no, Maria, men det går bra til slutt. Du har meir å fare med enn du trur. Ta vare på vennane dine og gjer det du kjenner i magen er det rette.

LES OGSÅ: Korleis vart du du Knut Arild Hareide?

Faktaboks

MARIA PARR
• Forfattar og lektor.
• Kjem frå Vanylven på Sunnmøre.
• Debuterte i 2005 med barneboka Vaffelhjarte.
• Bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal er omsett til ei rekkje språk.
• Tildelt ein rekkje litterære prisar og vart årets nynorskbrukar i 2010

Kjelde: Allkunne.no