konsekvensutgreiing

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

eg lengtar ikkje etter å få tredjeklassingar til å kjøpe vin til meg eller å få meir eller mindre velgrunna karakterar på arbeid eg fann meir eller mindre meiningsfullt. slett ikkje etter den gnagande angsten på skulevegen kvar dag når russen herja, heller ikkje dei meiningslaust rølpete festane eg ramla inn på ein gong i blant, når eg var for full til å veta kva hybelhus ein alltid skal liggja unna på ein torsdagskveld.

eg kan ikkje seia at eg lengtar attende til usikkerheiti som fylte heile kroppen min når eg la meg, eller at alle kjensler verka hundre gonger sterkare, slik at anten eg var glad eller trist kjendest det så sterkt at eg vart heilt utsliten. eg lengtar ikkje etter kjensla av at ingen forsto kor viktig kunsten var for meg, kjensla av at dei trudde det var ei fritidssysle eg dreiv med fram til eg fann meg eit ordentleg universitetsfag. 

eg saknar ikkje dei gongene eg vart mint på at eg slett ikkje var vaksen, at eg framleis var ein gut, i ein nesten vaksen kropp. 

men eg lengtar etter den vanvittige fridomen eg hadde. viss eg gjorde nokonlunde som eg skulle, var opplegget at eg fekk masse pengar for å gå på skulen og elles berre vera ung. no finn eg at løynde storleikar eg før ikkje var plaga med plutseleg kjem opp i dagen, og dei fleste vil ha pengar av meg.

og det verste er ikkje at dei vil ha pengar av meg, for eg skjønnar jo at det må vera slik, særskild viss nye attenåringar få kose seg ottelaust og vera unge. det verste er kor redd eg er dei. alt som kjem med stempel frå staten, eller store firma, straumfirma, eigedomsmeklarar, forsikringsselskap, er eg livredd, eg legg det helst vekk og let vera å gjera noko med dei, prøver å gløyme at dei finst så lengje eg kan. kvar gong eg har gjort den minste feil får eg panikk, fordi eg trur at kvar minste feil ein gjer overfor slike storleikar får dei største konsekvensane, som om kvar skrape i veggen eller betalingspåminning inneber at heile framtidi mi er i fare. 

desse ottene set seg alltid i magen, den vidkjende steinen som ligg og veg meg ned, sjølv når eg prøver så hardt eg kan å ignorera problemet. typisk nok, når eg skal sova, ligg eg og tenkjer på det, korleis eg kan forklara dei min ståstad, kvifor eg ikkje kunne noko for at det skjedde, det er jo berre ein liten feil, trass alt. men i tankane mine då er eg heilt sikre på at dei er heilt nådelause, dei peikar på ein paragraf i eit dokument eg har skrive under på, eller ei lov, ei forskrift, kanskje til og med. hendene deira er bundne, dei berre gjer jobben sin. 

og sjølv i eit rasjonelt menneske dukkar då førestillingi om at eg og mine næraste er dei einaste ordentlege menneski i samfunnet opp. idéen om at alle dei andre er tannhjul og velsmurde skruar, ikkje konspirasjonsteoriar akkurat, berre ein tanke om at alle dei andre har ei overnaturleg, internalisert evne til å gjera alt rett i høve til autoritetar, og at eg er den einaste som ikkje greier å få det her til, den einaste som må tenkje to gonger før eg fyller ut gjeldsbrev og næringsoppgåver. 

ein gong for ikkje så lengje sidan hadde eg ei gledeleg oppleving, nokon som sto nær meg hadde laga seg enkeltpersonsføretak for å gjera noko frilansing, og kom og spurte meg til råds om korleis det eigentleg fungerte, dette med skatt og slikt. eg forklara så godt eg kunne, ut frå mi erfaring, før ho fortalde at ho hadde sett alle pengane inn på ein sparekonto, mange titusen kroner, fordi ho var livredd for kva som skulle skje når nokon fann ut at ho ikkje hadde betalt forskotsskatt av han. eg sa at det ikkje skjedde noko verre enn at ho måtte skatte av det neste år, men det roa ho ikkje, frykti hennar verka til å vera at staten skulle koma og krevja alle pengane ho hadde tent.

eg skjønnar då at det ikkje berre er meg, at andre òg har panikk for offisielle stempel og paragrafsymbol, og berre prøver å leva i kvardagen så ofte som mogleg, så enkelt som mogleg, med så lite innblanding som mogleg. steikja flesk og lesa kinesiske vers, alt det der.  

 

Først publisert i Magasinett!