Konkurrerer med billett-gigantane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Møre-Nytt

– Vi prøver å gjere det motsette av det mange meiner er problema med andre billettsystem: Det er for dyrt, det er for vanskeleg å bruke, pengane blir utbetalt for seint og prissystemet er for komplisert. Vi har laga eit system der arrangør gjer jobben med å sette opp arrangement sjølv. Det skal også svare seg i lågare prisar, forklarer Aarseth.

Han har vore dagleg leiar i Tikkio sidan i fjor. Systemet vart opphavleg utvikla av miljøet rundt Momentium, som mellom anna arrangerer Sommarfesten på Giske, Jugendfest og Ålesund Live.

– Bakgrunnen var at Momentium var misfornøgde med dei eksisterande systema. I god sunnmørsk gründerånd utvikla dei ei løysing på problemet i staden for å sette seg ned og sutre.

Sterke i Ørsta og Volda
Aarseth si hovudoppgåve er vekst i kundemassen.

– No ligg vi an til meir enn ei dobling av omsetninga samanlikna med i fjor, så det ser lovande ut, seier Aarseth.

Mange av arrangementa på kundelista til Tikkio er i Volda og Ørsta: Til dømes Trandalblues Trandal Countryfestival, Indiefjord, Vamp-konsert på Hotel Union Øye, Hellbillies-konsert i Mørehallen i Volda og Sommarljom.

LES OGSÅ: – Bjørke er minst like bra som New York

– Det har vel litt med at eg er frå bygda. Indiefjord er eit døme på eit arrangement med relativt små inntekter for Tikkio. Men ein får positiv merksemd, eg får sett kvar skoen trykker for dei små og eg får ei kulturoppleving på kjøpet.

Medan dei fleste andre billettselskap har kompliserte reglar for provisjon, har Tikkio valt å legge seg på ein flat sum på tre prosent som også inkluderer kostnadene ved banktransaksjonen.

– Det gjer det enkelt både for arrangør og kjøpar, heller enn at det er lag på lag med avgifter, påslag og lisensar. Tenesta blir stadig betre, og vi kan trygt gå opp litt og samstundes vere langt under det andre tek. I tillegg til billettkjøp, kan Tikkio også brukast til varekjøp som mat og drikke, t-skjorter og transport under arrangementa.

LES OGSÅ: Trandalblues for minneboka

Stort potensial
Aarseth trur potensialet til Tikkio er stort.

– Vi skal vere dyktige, arbeide hardt og ha litt flaks. Når det gjeld det siste, er det vel slik at folk som er dyktige og arbeider hardt har meir flaks enn andre. Eg trur på ein snøballeffekt: For kvar nye og nøgde kunde, følgjer fort to til etter. Vi har på kort tid fått tilført 1,1 millionar kroner i friske pengar frå langsiktige investorar, og har dermed kapital utover inntektene til å løfte oss ytterlegare. Men lykka ligg i å fortsette den tette dialogen med kundane våre. Dei stiller store krav til oss og gjer oss betre. Eg vil også dra fram rådgivinga frå Innovasjon Norge. Ein skal først og fremst lite på seg sjølv, men det er også godt med gode partnarar, seier Kjetil Aarseth.

LES OGSÅ: Norsk app fronta av Apple