Kongens tale

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein skulle vore konge.

Det har sine negative sider, sjølvsagt. Det blir nok veldig mykje laks og tomprat. Men det som må vere fint med å vere konge, er at du blir møtt med ein velvilje som ikkje så mange andre opplever.

For eit par dagar sidan heldt kongen ein tale under ein hagefest på Slottet, ein fin liten tale om at Norge og nordmenn er mykje forskjellig rart, og at det i grunnen er bra. Ikkje oppsiktsvekkande saker, men ganske sympatisk. Talen har blitt delt og hylla av stort sett alle som har internett, og har gitt ein retorikkekspert lyst til å danse.

Ein dansande retorikkekspert er naturligvis ikkje noko å trakte etter, men du skjønnar sikkert kva eg meiner. Det er ikkje mange som blir møtte med slik velvilje når dei ytrar seg offentlig. 

For eksempel sa kongen i talen:

«Norge er høye fjell og dype fjorder. Det er vidder og skjærgård, øyer og holmer. Det er frodige åkre og myke heier. Havet slår mot landet fra nord, vest og syd.»

Om nokon som ikkje er konge sa dette, så ville det enten blitt totalt oversett (det mest sannsynlige) eller blitt kalla svada (det nest mest sannsynlige). Og viss nokon i det heile tatt brydde seg utover det, så ville det sannsynligvis vore ein humørlaus språknerd som påpeikte at ordet syd er gammalmodig og elitistisk og eit tydelig uttrykk for avstanden mellom folk flest og dei som styrer.

Kongen sa også:
«Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger – og folk fra alle de andre regionene.»

Om for eksempel ein politikar sa dette i ein viktig tale, ville ho blitt møtt med mellom anna desse reaksjonane:

– Svada, svada, svada.

– Det er typisk at makteliten i Oslo ikkje nemner Vestlandet spesifikt, i ei tid då oljebransjen er kriseramma og folk mister jobbane sine.

– Distriktsmafiaen vinn igjen. Deler av Oslo har høgare arbeidsløyse enn dei påstått kriseutsette distrikts-områda. Men igjen ser vi at Oslo blir gløymt.

Og så var det dette:
«Nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria.»

Her hoppar eg glatt over alle dei opplagte reaksjonane som vi alle veit ville komme, om den innvandringsforherligande makteliten i politikk og media som har berøringsangst og er feige og politisk korrekte og har blitt enige om at Karpe Diem alltid skal få gode anmeldelsar og bli spelt på alle NRK-kanalar tjuefire timar i døgnet.

For det ville også komme andre reaksjonar om nokon som ikkje er konge sa dette. For eksempel:

– Svada, svada, svada.

– Når ein har overbetalte taleskrivarar til å tenke og jobbe for seg, må ein kunne forlange meir av ein tale om det fleirkulturelle Norge enn at ein klarer å finne tre land i utlandet som har same forbokstav.

«Nordmenn er unge og gamle, høye og lave, funksjonsfriske og rullestolbrukere.»

Om for eksempel ein bloggar sa dette, ville følgjarane til bloggaren sjølvsagt skrive «fine du», for det gjer dei jo, medan alle komikarane i landet ville vitsa om det. Lenge. Fordi det er for lett å gjere narr av. Berre sjå kor lett det er: Nordmenn er katt og mus, gaupe og rein, tull og tøys. Nordmenn er flasker og glas, bollar og brus, penn og papir. Nordmenn er fugl og fisk, buss og trikk, banjo og ukuele.

Det er vanskelig å stoppe.

Nordmenn er fulle og galne, teite og smarte, rike og dumme.

Nok no.

«Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting,» sa kongen.

Her skal eg igjen hoppe over dei opplagte reaksjonane, og heller påpeike at nokon garantert ville hengt seg opp i påstanden om at dei som ikkje trur på ein gud, trur på ingenting. Det er jo ikkje sant. Ikkje-religiøse trur på masse. På ideologiar og tankar, på folk og tradisjon. På politikk og retorikk, fugl og fisk. Trafikk og musikk, lys og varme.

No skal eg slutte.

Poenget er at mange må ha tenkt, etter å ha sett eller lese talen og registrert reaksjonane: Tenk om eg blei møtt på den same måten viss eg sa noko ganske sympatisk offentlig. Det hadde vore noko. Då skulle eg klart å halde ut mykje laks og tomprat.

For som vi alle veit, nordmenn er både laks og tomprat, ørret og svada, Nico & Vinz.


Først publisert i Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!