«Kongens nei» norsk Oscar-kandidat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske Oscar-kandidaten blei offentleggjort torsdag ettermiddag etter at ein eigen komité har vurdert tre kandidatar: «Kongens nei» i regi av Erik Poppe, «Pyromanen» i regi av Erik Skjoldbjærg og Rune Denstad Langlos film «Welcome to Norway».

Vegen fram til å kome på den endelege lista på fem filmar som til slutt skal konkurrere om den gjeve prisen, er lang. Det skal gåast fleire rundar før dei fem finalistane blir offentleggjort 24. januar neste år. Sjølve Oscar-utdelinga går av stabelen søndag 26. februar.

I fjor var «Bølgen» norsk kandidat blant 81 nominerte filmar i klassa beste ikkje-engelskspråklege film. Men den norske katastrofefilmen gjekk ikkje vidare frå første runde. (©NPK)