Kokkekamp i skuletida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vigga. 

Kokkekampen vert arrangert for andre år på rad, med elevar frå niande klasse frå sju ungdomsskuler i Nord-Gudbrandsdalen. Lesja smakte nesten sigaren, men vart slått av heimelaget Vågå.
Lesjaskog og Dovre nådde ikkje til topps i år. Lesjaskog tok ein tredjeplass under fjorårets kokkekamp.

LES OGSÅ: Desse smakane må alle kunne 

Lokal mat
Dei sju finalelaga gjekk til oppgåva med stor iver og glød. På menyen stod hovudrett av lam mørbrad frå Dovrelam, økologiske rotgrønsaker frå Aukrust Gard og Urteri i Lom, mandelpoteter frå Sygard Forberg i Skjåk og saus. Desserten skulle vere ein kreativ rett som skulle innehalde minimum to lokale ingrediensar. Og dette utfordra kreativiteten til kokkelaga. Finalekokkinga vart sendt direkte på storskjerm i Vågåhallen.

Medan kokkekampen pågjekk, var det aktivisering av dei andre elevane i Vågåhallen der dei skulle innom ni forskjellige standar der matopplevingar stod i fokus. Blant anna skulle elevane steike sveler og lage dressing. På standen til Ungt Entreprenørskap fekk ungdommane testa kreativiteten sin, og dei fekk informasjon om kokkeyrket.

Kokkekamp blir arrangert for nettopp å setje fokus på rekruttering til kokkeyrket, men også lokalprodusert mat, landbruk og reiseliv.

LES OGSÅ: – Barnemeny burde ikkje vore lov

Imponert

Spenninga var stor i minutta før premieutdelinga av kokkekampen. Juryen med Arne Brimi måtte bruke ekstra tid for å finne fram til vinnaren. Så jamt var det.

– Ein spennande dag, sa Arne Brimi som var imponert over nivået i konkurransen. Og stemninga i salen og på scena der laga stod var stor da Brimi skulle utrope vinnarlaget. Skjåk og Otta vart fyrst utropt til delt tredjeplass.

Lesja kapra andreplassen og Vågå kunne klatre heilt øverst på pallen.

Lesja fekk skryt frå Brimi for at dei nytta ballonger til å lage skåler til sjokoladedesserten.

Nå er det berre å kvesse kokkeknivane. Neste år er det ny kokkekamp.