Klar Klok kan bli lagt ned

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det brenn eit blått lys for Klara Klok, og situasjonen er svært alvorleg. Får ikkje Klara Klok pengar raskt, må vi vurdera å stengja tenesta frå midten av august. Det vil ramma barn og ungdom svært hardt, seier fylkespolitikar Hild-Marit Olsen (Ap) i Nordland til NRK.

LES OGSÅ: Tredje gonge svarte helsesøster

Klage frå nord
Nordland fylkeskommune starta spørjetenesta, som etter kvart blei eit tilbod for heile landet, i mars 2000. Fylkeskommunen og Ung i Nordland er driftsansvarleg for tenesta, men får driftsstøtte frå Helsedirektoratet. Men i år fekk fylkeskommunen 2,7 millionar kroner mindre i støtte enn i fjor. No har tenesta berre driftsmidlar att til 15. august.

Nordland fylkeskommune har klaga på vedtaket. Fungerande divisjonsdirektør i Helsedirektoratet Henriette Øien lovar at klagen skal bli behandla i god tid før 15. august.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning

– Uheldig og synd
Hild-Marit Olsen meiner tenesta eigentleg burde kome inn som fast post på statsbudsjettet. Øien er samd i at Klara Klok er ei god og viktig teneste.

– Tenesta held eit høgt fagleg nivå og har stort truverd og breitt nedslagsfelt blant barn og ungdom. Det vil vera uheldig og synd dersom ei slik teneste blir lagt ned, seier ho. (©NPK)