Kjønnspoeng – òg til menn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Studvest

– Eg blir heile tida beden om å forklare kvifor eg har valt sjukepleie, medan det er naturlig for kvinner. Det vanlegaste spørsmålet er «kvifor blei du ikkje lege?», fortel Jan Vågenes, sjukepleiarstudent ved Haraldsplass Diakonale Høgskule.

Studiet Vågenes går på er sterkt kvinnedominert, og menn som søker på studiet får i dag ingen opptaksfordelar. Dei siste åra har nokre studie innført kjønnspoeng både til menn og kvinner, men dette er framleis minst vanleg for menn.

LES OGSÅ: Vil ha mannlege helsefagarbeidarar

Treng fleire menn
– Menneske i psykisk nød skal kunne velge å kunne søke seg til psykologar av begge kjønn, seier Kjetil Søren Sundet, instituttleiar på det psykologiske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO).

På UiO er tanken om å innføre tilleggspoeng for menn absolutt til stades.

– I løpet av året kjem vi til å fremme eit nytt forslag, anten berre i Oslo eller saman med dei fire andre universiteta som utdannar psykologar, om å sikre eit minimum gutar på psykologistudiet, seier Sundet.

Forslaget han vil fremme gjer det enklare for menn å kome inn på profesjonsstudiet i psykologi. Det er ikkje første gong det psykologiske institutt har forsøkt å få opp delen menn på profesjonsstudiet i Oslo.

– For tre-fire år sidan blei det stoppa. Då gav universitetet inntrykk av at ekstrapoeng var ein mogelegheit på mellom anna farmasi, men ombestemte seg fordi det betydde å undergrave kvinner sitt harde arbeid, fortel instituttleiaren.

Sundet fortel at UiO i staden foreslo kvoter, altså at ein viss prosentdel av studentane skal vere menn. Ulempa er at kvoter krev ei regelendring. Poeng gjer ikkje det.

– Før kvoter kunne iverksettast, måtte vi prøve om haldningsendringar var nok. Det har vi helde på med i fleire år no. Nytt av året er «gutedagen», seier han.

Gutedagen liknar på jentedagen som NHH har arrangert, og har som mål å auke interessa for psykologi hos gutar.

– Vi har prøvd å gjere heimesidene meir attraktive for menn, arrangerer opne dagar med tema som skal vere av interesse for gutar, og vi ringer alle som får tilbod om studieplass for å overtyde gutane om å velge oss. Så langt har ikkje tiltaka gitt vesentlege utslag, seier han.

LES OGSÅ: Fleire kvinner enn menn fullfører høgare utdanning

– Ingen langtidseffekt
Allereie i 2004 innførte Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) to tilleggspoeng for menn som søker veterinærstudiet og dyrepleiarutdanning, som einaste utdanningsinstitusjon i Norge.

– Det var på byrjinga av 80-talet det byrja å bli fleire kvinner enn menn på studia. Iløpet av neste tiår blei det opp mot 90 prosent kvinner. Vi bestemte oss for å få med fleire menn, seier Ann Kristin Egeli, seksjonsleiar ved NMBU.

Ho fortel at dei tok opp prosentvis fleire menn på veterinærstudiet dei tre første åra etter dette.

– Vi hadde vesentleg fleire mannlege studenter ved opptaket i 2004, men vi er ikkje sikre på kva det skuldast. Dei to første åra etter endringa tok vi òg opp fleire menn enn tidlegare, så gjekk opptakstala tilbake til 80-90 prosent kvinner.

– Vi ser ingen langtidseffekt utifrå statistikken. Vi har fleire studentar på studia, og derfor òg fleire menn, men vi skulle gjerne hatt endå fleire, seier Egeli, og legg til at dei tar opp circa éin mann i året på dyrepleiarstudiet.

LES OGSÅ: Vil ha fleire menn på psykologistudiet

– Meir enn nok søkarar
Kjetil Søren Sundet fortel at dei på UiO har rekna seg fram til nokon omtrentlege tal på kor mange poeng mindre menn vil trenge for å komme inn viss ulike kvoter blir innførte. Viss det skal vere minst 30 prosent menn på psykologistudiet, vil søkarar sleppe inn med eit halvt eller eit poeng mindre. Om halvparten av alle studentar skal vere menn, vil menn kunne kome inn med to til tre poeng mindre enn sine kvinnelege medsøkarar.

Prosentdelen mannlege søkarar har gått ned frå rundt 25 prosent til 20 prosent dei siste ti åra.

– Det er ein langsam nedadgåande trend, seier Sundet, som trur det er lite å hente på å få fleire til å søke på studiet.

– Det er meir enn nok søkarar, òg flinke gutar, men dei taper konkurransen, seier han, og er redd for at det blir så upopulært for menn å søke at dei heller skal velge andre studiar.

– Dette er eit ønske fra mitt institutt si side. Om UiO vil vere med på det gjenstår å sjå, seier Sundet.

LES OGSÅ: Frozen – farleg for menn?

– Godt kjent med Oslo sine tankar
Frode Randal, leiar for studieseksjonen ved psykologisk institiutt ved Universitetet i Bergen (UiB) fortel at det i dag er 25 prosent menn på psykologistudiet her i byen. Han ønsker at fleire menn skal søke på og gjennomføre studiet.

– Dette er viktig av fleire grunnar, éin grunn er at vi treng og ønsker både mannlege og kvinnelege psykologar, seier Randal.

Han seier at instituttet har fokus på denne saka, fordi psykisk helse er eit problem for begge kjønn.

– Saman med dei andre utdanningsinstitusjonane vurderer vi fortløpande tiltak som kan bidra til å auke andelen menn på studia. Vi er derfor godt kjent med Oslo sine tanker, seier han.

UiB har sett ned ei eiga arbeidsgruppe, inkludert studentrepresentanter, som skal komme med innspel når det gjeld kjønnsfordeling, minoritetsbakgrunn, og andre aktuelle tiltak.

LES OGSÅ: Tre av fire veit ikkje kven som er kunnskapsminister

Sjukepleiar, ikkje lege
Studenten Jan Vågenes, som går siste året på bachelorstudiet ved Haraldsplass Diakonale Høgskole, opplever at nokre pasientar ikkje er vane med mannlege sjukepleiarar.

– Eldre kan vere ukomfortable med menn, på grunn av gamle roller som heng igjen. Det er uvant når ein mann gjer sjukepleiarjobben. Nokon blir nervøse, men for dei fleste går det veldig fint, seier Vågenes.

Han trur det er positivt å ha menn i sjukepleiaryrket, og trur kjønnsrolla som er knytt til sjukepleiaryrket kan hindre menn i å søke.

– Vi må bryte ned stereotypar med sjukepleiaren som omsorgsfull kvinne og legen som ansvarsfull mann. Vi er litt på veg, men har mykje igjen, seier han.

Dei fleste forelesarane han har er damer. Vågenes har hatt nokre mannlege, men helst i naturvitskaplege fag som anatomi, fysikk og sjukdomslære.

– Hadde det vore fleire mannlege sjukepleiarar ville det vore meir attraktivt. Det blir ein negativ sirkel. Eg trur menn vil vegre seg for å velge kvinnedominerte studiar, slik som kvinner for mannsdominerte studiar.

– Det viktigaste er at det er kompetente studentar som kjem inn, slår Vågenes fast.

LES OGSÅ: Ingen kvinner på Frp-lista

– Arbeidsmiljøet vil tene på fleire menn
Sissel Tollefsen, leiar ved institutt for sjukepleiarfag på Høgskolen i Bergen fortel at det i dag er omtrent ti prosent menn på sjukepleiarstudiet.

– Talet har auka, men ikkje så mykje som vi skulle ønske, seier ho.

Tollefsen meiner det er fornuftig at menn òg jobbar som sjukepleiarar.

– Befolkninga består av både menn og kvinner. Dei fyller nok ulike rollar som sjukepleiarar, og arbeidsmiljøet vil tjene på dette, meiner ho.

Studenten Vågenes einig i at fleire menn er positivt.

– Eg trur mange vil ønske å bli behandla av samme kjønn, anten av religiøse eller personlege grunnar, seier han, som meiner team som består av både menn og kvinner er positivt.

Vågenes hadde ikkje tenkt å bli sjukepleiar før han begynte i saniteten i forsvaret, men likte arbeidet godt.

– Eg anbefalar absolutt sjukepleie, det er kjempekjekt! Faga er ikkje feminine i det heile, for dei som er redde for det. Dei inneber både akuttmedisin, omsorg og forståing, men også teknikk og handlekraft, seier han.

På spørsmålet om kvifor han ikkje blei lege i staden for sjukepleiar pleier Vågenes å forklare at det er to heilt ulike yrke.

– Eg har valt sjukepleie fordi det er det som er interessant for meg, seier han.

LES OGSÅ: Sjekk jobbmoglegheitene dine!

Faktaboks

Er du kvinne får du 2 kjønnspoeng hvis du søker:

Bachelorutdanningar i ingeniørfag (bortsett frå kjemi).

5-årige masterstudium i Teknologi og ingeniørfag ved NTNU (bortsett frå kjemi- og bioteknologi og industriell design).

Bachelorutdanningar i maritime fag ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen Stord/Haugesund (sett vekk frå shipping management og shippingleiing ved Høgskolen i Ålesund).

Landbruksstudium ved Høgskolen i Hedmark.

Er du mann får du 2 kjønnspoeng hvis du søker:

Veterinærstudiet ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Dyrepleiarutdanning ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Kjelde: Samordna opptak