Kjønnar du?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

– Når me forklarar at son er både han og ho, så er det mange som slit med å forstå korleis me kan fortelja ei historie om tre personar. Men me er så vane med det å bruka namn på personar, så det er ikkje så vanskeleg som nordmenn trur det er, forklarar Sajje Solbakk.

Det er først i kjølvatnet av Sapmi Pride og den pågåande hen-debatten at 19-åringen, som er leiar i Oslove Noereh, har byrja å tenkja over at samisk ikkje har kjønna pronomen.

– Eg blir jo litt stolt over at me allereie har det, seier Sajje.

Upersonleg pronomen
Også søskenbarnet hennar, Dávvet Bruun-Solbakk, tykkjer det er artig å tenkja på at morsmålet deira er utan kjønna pronomen.

– Treng me hen i det norske språket?

– Ja, det meiner eg absolutt. Fordi ein ikkje skal ekskludera folk i språket. Det er veldig viktig at alle føler seg inkluderte, meiner Bruun-Solbakk, som tidlegare i år leia Sapmi Pride.

For Dávvet og andre som jobbar for skeive samar, er eit kjønnsnøytralt språk gull verdt.

Men trass i kjønnsnøytrale pronomen ser det ikkje ut til at det samiske samfunnet har mindre normative kjønnsroller enn det norske samfunnet. Ifølgje Dávvet, er det heller strengare kjønnsroller.

– Det handlar ikkje om at ein ikkje tenkjer på kjønn, men i språket er det ikkje så veldig tydeleg, understrekar Dávvet.

Les meir om historia til skeive samar

Berre Dávvet
– Du omtalar deg som 
han på norsk?

– Eg veit ikkje. Eg har berre blitt van med at folk kallar meg han, så eg føler meg ganske komfortabel med han. Men eg trur ikkje eg ville kalla meg sjølv verken han eller ho

Dávvet forklarar at fordi son ikkje vert oppfatta særleg personleg i nordsamisk, kan det faktisk verta oppfatta som litt uhøfleg. 

– Det er jo eit personleg pronomen, men det er ikkje så personleg å kalla nokon for son. Det gjev ein distanse fordi du vanlegvis ville sagt namnet. Når mamma snakkar om meg, seier ho berre namnet mitt, og det er det eg oppfattar som mitt personlege pronomen. Det er berre Dávvet.

Dei to søskenbarna synest det er ein stor fordel at ein i samisk brukar namn for å framheva enkeltmennesket, framfor kjønn.

Hen-forkjemparen
Filolog, forfattar og skribent Kristin Fridtun gav i fjor ut essaysamlinga Kjønn og ukjønn. Fridtun identifiserer seg som transperson og føretrekkjer difor hen som sitt personlege pronomen.

– Eg likar godt at det utfordrar førestillinga om at det berre er to kjønn. Men sjølv om eg er for hen, så tyder ikkje det at eg er imot han og ho. Eg vil ikkje utsletta pronomena våre, men eg vil ha dette i tillegg, understrekar Fridtun.

Sjølv om Fridtun meiner me har behov for det kjønnsnøytrale pronomenet hen, meiner hen det ikkje er grunn til å gje ordet noka særbehandling. Det betyr at ordet ikkje kjem inn i ordboka før det vert teke i bruk i daglegspråket, noko Fridtun spår at kan ta nokre år.


HEN: Filolog Kristin Fridtun trur det vil ta nokre år før hen kjem inn i den norske ordboka. 

Stortingsrepresentanten som forsvann
I samband med hen-debatten trekkjer Fridtun parallellar til 70-talets likestillingsarbeid og språkkampen som utfordra dåtidas kjønnsnormer mellom anna i yrkesnemningar. 

– Motstanden går heile tida på at språket ikkje går an å endra og at det er unaturleg. Men mykje har endra seg. Me seier ikkje lenger stortingsmann, men stortingsrepresentant, postmann er blitt postbod og tillitsvalt har erstatta tillitsmann. Det er mogleg å gjera språket meir ope og inkluderande, understrekar Fridtun.

– Språket går ingen veg av seg sjølv, heldigvis. Her kan enkeltpersonar, og politikarar som utformar lovtekstar, ha mykje å seia. Men ofte heng det offisielle språket litt etter, og ein ser at språket i aktivist- og feministmiljø skil seg frå det offisielle, før storsamfunnet plukkar det opp.

Krutsterk asymmetri
Hen er likevel klar over at hen gjer noko ganske anna enn kjønnsnøytrale yrkesnemningar, når det utfordrar det tradisjonelle synet om at det berre finst to kjønn.

– Det er symmetri og harmoni, som går opp. Om nokon kjem og pirkar i dette, vert alt det kjende utfordra, noko som er ubehageleg. Folk er opptekne av både kjønn og språk, så om nokon tuklar med begge, kan det bli krut.

Ifølgje Fridtun kokar det ned til to ulike språksyn. Det eine er dei som meiner at språket og verkelegheita er to ulike ting, og det andre er at språket berre speglar verda.

– Eg støttar meg til dei som meiner at språket er med på å forma verda me lever i og måten me tenkjer på. Det er sjølvsagt ikkje det einaste, men kva ord me nyttar, gjev oss visse assosiasjonar og er styrande for måten me tenkjer på.

Les meir om kjønnspøbelen Kristin Fridtun.

Fordelen med hen
Språkrådet seier eit foreløpig «tja» til oppføring i ordbøkene, då dei meiner at eit nytt pronomen må vera skikkeleg innarbeidd først. «Det vil seia at vi ventar, men følgjer med på utviklinga i språksamfunnet,» skriv Språkrådet på nettsidene sine.

Trond Trosterud er språkforskar ved Noregs arktiske universitet i Tromsø og sit i styret i Språkrådet. Han har følgt debatten om hen hjå naboane våre i Sverige, som i 2014 fekk det kjønnsnøytrale pronomenet inn i ordboka.

– Eg ser ein kontekst der det er upraktisk ikkje å ha det. Sei at du skal skriva ein artikkel basert på dette intervjuet, og eg seier at då vil eg at korrekturlesaren skal ta omsyn til eit par ting. Så spør du kva ting «han eller ho» skal ta omsyn til. Akkurat der kunne me latt vera å spesifisera kjønn. Eg snakkar ein del samisk på jobb og finsk heime. Desse språka har ikkje han eller ho, og i denne samanhengen ville eg brukt det finske hän, forklarar Trosterud.

Dette er Dávvet Bruun-Solbakk einig i:

– På norsk brukar ein ofte han når ein skal vera nøytral og det ikkje skal vera kjønna. Kanskje har me ikkje dei same strukturane som gjer at det er veldig mannsdominert i språket. Det er jo ein veldig fin ting, slik at ein i alle fall ikkje byggjer opp dette mannsdominerte samfunnet, seier Bruun-Solbakk.

Likevel kan ein ikkje med pronomen i hand slå fast at det samiske samfunnet er meir likestilt enn det norske. Faktisk kom det nyleg tal som viser at samiske kvinner vert utsette for vald i større grad enn norske kvinner.

Fordelen med han og ho
Indoeuropeiske språk har mannlege og kvinnelege pronomen. I denne gruppa finn me germanske og slaviske språk. Dei opphavlege språka i Nord-Eurasia, uralske, tyrkiske, mongolske, tungusiske og paleo-sibirske språk, har ikkje grammatisk kjønn. Det vanlege her nord er altså at språk ikkje har mannlege og kvinnelege pronomen. Dei uralske språka, der me finn både samisk og finsk, har ikkje kjønna pronomen.

– Det har sine fordelar at ein skil mellom grammatisk kjønn. Sett at du snakkar om ekteparet Per og Kari. Med pronomen kan du enkelt gjera klart kven som gjorde kva, medan finnane då må sei at «mannen gjer slik» og «kvinna gjer slik». Men pronomen fungerer berre om ein er i stand til å lenkja det til røynda, understrekar Trosterud. 

Kven er hän?
For finnar flest byr ikkje kjønnsnøytrale pronomen på problem, men for dei som ikkje har språket som morsmål, kan det oppstå forvekslingar.

– Eg hadde ein kvinneleg kollega som kunne finsk og hadde eit forhold til ein finsk mann over lengre tid. Han snakka mykje om ein person han kjente, og ho skjøna ikkje at dette var ein mann, noko som hadde relevans for deira forhold, forklarar Trosterud.

Men kjønn i språk handlar om meir enn arbeidstitlar og pronomen. I norsk deler me òg substantiv inn i genus eller grammatisk kjønn.

Trosterud har forska på reglane for om orda er hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn. Konklusjonen er at inndelinga ikkje er så tilfeldig som mange vil ha det til.

– Det er ein tendens til at ord som betyr negative ting, er hokjønn. Det er stereotypien om at hankjønn er positivt og hokjønn er negativt, forklarar Trosterud. 

– A for kvinnA
Russisk markerer kjønn endå sterkare enn norsk. Hjå våre naboar i aust får nemleg verb i fortidsforma a-ending dersom subjektet er ei kvinne.

–Det kan ikkje vera lett å driva med kjønnsskifteoperasjon i Russland. Der har dei latt biologisk kjønn valsa inn i grammatiske genus, seier Trosterud.

Også i spansk har dei kjønna endingar, der ord på –o refererer til mannleg og –a til kvinneleg .

I år vart det nye substantivet latinx kortlista til årets ord av dei internasjonale Oxford-ordbøkene. I 2009 byrja spansktalande å bruka ordet for å unngå å markera kjønnet på ein person frå Latin-Amerika, som vanlegvis vert omtala som latino eller latina. Latinx har seinare funne vegen inn i det engelske språket, spesielt i amerikanske universitetsmiljø.

Heime i Barcelona sit katalanske Aina Serra Molina (25). Ho identifiserer seg som ei skeiv, androgyn kvinne og ser på dei nordiske landa eit føredøme når det kjem til likestilling.

– Me har ikkje eit nøytralt pronomen for folk, berre for ting. Det fungerer berre ikkje, meiner ho.

Spania har rykte på seg for å vera eit føregangsland både når det kjem til homofile og transseksuelle sine rettar. Akkurat kvifor det er slik har ikkje Aina noko godt svar på, men ho omtalar òg det spanske samfunnet som svært sexistisk.

– Eg trur språk er viktig, men ingenting vil endra seg før kvinner vert behandla likt som menn. For meg er språk sekundært, det handlar om menneskerettar, seier  ho.  

Aina2
KJØNN I SØR: Katalanske Aina Serra Molina ser på dei nordiske landa som eit likestillingsføredøme, men meiner språk kjem i andre rekkje.

Ho framfor hen
Trosterud meiner debatten om hen i Sverige og Noreg har vorte køyrt med ein misforstått feministisk agenda.

– Eg er absolutt for kvinnefrigjering. Mi innvending er at om nokon trur at kvinna si stilling i samfunnet vert betre av å oppheva kjønn i språk, så kan dei ta ein studietur til Finland eller Mongolia. Eg synest ikkje kvinnekamp skal drivast på pronomennivå. 

Som medlem i styret i Språkrådet er Trosterud med på å avgjera kva ord som skal inn i ordboka. Han har ei deskriptiv tilnærming og vil difor gjerne sjå hen i bruk før me gjer som svenskane og får eit kjønnsnøytralt personleg pronomen inn i ordboka.

– Mitt forslag er å bruka ho, framfor han i tekstar der personen ikkje er spesifisert. Så lenge me stussar på ho som uspesifikk pronomen, treng me denne pronomenbruken. Eg er ingen ven av hen, men det er fordi eg er grammatikar, avsluttar han. 

Vil du han hen?, spurde vi då svenskane starta bruka det nye ordet

Tre grunnreglar for kjønnsbalansert språkbruk

Bruk kjønnsnøytrale ord når det er tale om begge kjønn, eller når du ikkje veit kva kjønn det gjeld

●       Bruk kjønnsnøytrale nemningar så langt som råd for yrkestitlar og verv. Mange titlar og namn på verv er kjønnsnøytrale, men langt ifrå alle. Bruk leiar i staden for «formann», sekretær eller fullmektig i staden for «kontordame», varamedlem eller vara i staden for «varamann».

●       Bruk ikkje automatisk pronomenet han for å vise tilbake til personnemningar som «sjefen», «journalisten» og «sjåføren» i generell omtale, det vil seia når du ikkje tenkjer på ein bestemt person.

●       Unngå å bruka adjektiva kvinneleg og mannleg ved yrkesnemningar når det ikkje er grunn til det: «kvinneleg tannlege» — «mannleg sjukepleiar». Slik ordbruk kan gje inntrykk av at det «normale» er at tannlegar er menn og sjukepleiarar kvinner.

●       Kjelde: Språkrådet

Faktaboks

Hen

Kjønnsnøytralt pronomen i tredjeperson eintal

I 2014 kom hen inn i Svenska Akademiens Ordbok

Kjelde: SNL