Kjenner berre 0,001 prosent av alle artar i verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

99,999 prosent av alle artar er uoppdaga

Du som les dette er ein eukaryot. Det er du ikkje åleine om. Alle andre levande vesen som er synlege med det blotte auge er også eukaryotar, altså artar med cellekjerner. Ein har berekna at talet på denne typen artar er omtrent 8,7 millionar.

Totalt kan det vere så mange som tusen milliardar artar på jorda, ifølgje forskarar. Dei aller, aller fleste av dei er mikroorganismar.

LES OGSÅ: Ho skal hacke havet

Å få oversikt over kor mange mikroorganismar som lever på planeten, er ei enorm oppgåve. Fram til no har forskarane knapt våga å gjere eit anslag over det totale talet.

Men no har forskarar ved University of Indiana i USA prøvd å anslå talet på organismar utan cellekjerne. I denne gruppa finst blant anna alle bakteriane i verda.

Mikrobiologane Kenneth Locey og Jay Lennon har tatt utgangspunkt i avgrensa område på kloden der ein faktisk har prøvd å få oversikt over det totale talet levande organismar. 5,6 millionar artar blitt oppdaga i desse undersøkingane.

Basert på denne informasjonen har Locey og Lennon rekna seg fram til at det samla talet artar på jorda kan vere omtrent 100.000.000.000. Eit stort fleirtal av desse er mikroorganismar, og svært mange lever i havet.

Er dette anslaget rett, er berre stusslege 0,001 prosent av artane skildra av vitskapen. Det blir rekna med at det samla talet dyr og planter er på rask veg nedover på grunn av avskoging, klimaendringar og andre menneskeskapte miljøproblem.

LES OGSÅ: Sjøfuglar likar ikkje endring