Martine (25) kjempar for openheit i Paris

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Metrostasjonen Fort d´Aubervilliers, aust for Paris: Omkrinsa av blåkledde politifolk står ei ung kvinne i blå Fjällräven-jakke og ventar tålmodig. Martine Solberg er saman med Radek Kubala og Paul Hallows frå Young Friends of the Earth i ferd med å frakte eit banner til ein aksjon miljøorganisasjonen skal gjennomføre inne på forhandlingsområdet under COP21 i Paris.

Politiet vil ikkje la dei tre aktivistane passere før dei har undersøkt om organisasjonen har løyve til å ta med banneret inn på området.

Banneret førestiller ei dør med hengelås på. Martine, Radek og Paul er blant klimaaktivistane som krev større openheit kring klimaforhandlingane i Paris.

LES OGSÅ: Verdsleiarane strøymer til Paris med fly – Marie tok sykkelen

– Det er ein skremmande sensur
Då politiet har fått stadfesta per telefon at dei tre har følgt prosedyren, får dei sleppe gjennom. Aktivistane har søkt om løyve dagen før, der dei også har oppgitt kva rekvisittar dei vil bruke.

Det har ikkje bonde og klimaaktivist frå Framtiden i våre hender, Thomas Cottis. Han er inne i det som vert kalla «grøn sone», som er open for alle og ligg rett ved området der ministrar frå 195 nasjonar no forhandlar fram ein klimaavtale.

Med seg skulle han hatt sitt «gode gamle banner» på 80 x 80 cm, med bodskapen «Give our children a climate to survive in». Det måtte han gje frå seg i tryggleikskontrollen.

– Eg har skjønt medan eg har vore her at dei demonstrasjonane vi har gjort, har gått føre seg på avgrensa område, der vi er skjerma frå andre og der få får det med seg. Reglane for å få demonstrere er veldig strenge. Det er ein meiningssensur som er skremmande, meiner Cottis.

– Alle statsleiarar i demokrati er avhengige av folkets støtte i botn. Folk flest får ikkje nok informasjon om global oppvarming. Når ikkje ein gong vi som veit kva som føregår for lov å halde opp eit banner, då går forhandlingane føre seg i eit vakuum utan press, seier han.

Klimaaktivisten er ikkje særleg imponert over moglegheitene sivilsamfunnet har til å gå politikarane etter i korta i Paris.

– At dei skal godkjenne aksjonane som skal gå føre seg inne, kallar eg sensur. Det har ingenting med tryggleik å gjere, men handlar om at forhandlingane skal gå føre i fred og ro, utan folkeleg press, meiner han.

– No reiser eg heimatt, der har eg større sjanse til å påverke.


Jean Moritz er glad for moglegheita COP21 gir til å syne at han kjempar for pingvinane.

Ein optimistisk pingvin
Ikkje alle er like kritiske.

Inne i grøn sone møter vi tre franske pingvinar som speler ukulele, syng og veivar med plakatar der det står «Adopter meg!». Teatertroppen Pilepoilplanete meiner vi må få ein god klimaavtale før pingvinane mister heimen sin.

Dei er nøgde med moglegheita COP21 gir for å bli høyrt.

– Her møter vi menneske frå alle land, og det er fantastisk å vere her. Forhandlingane er veldig komplekse og det er vanskeleg å sikre full openheit, men vi er optimistiske og trur på ein god avtale, seier Jean Moritz frå Paris.

Også Martine Solberg fortel at det har gått heilt greitt å få demonstrere så lenge ein følgjer prosedyrane. Men det er berre inne på området:

– Ute i gatene er det meir avgrensa. Eg har høyrt om folk som har blitt arrestert for å stå i gatene og syngje, fortel ho.

LES OGSÅ: Fagungdom meiner Noreg er bakstreversk

Konfrontasjonar i gatene
To store demonstrasjonar har blitt avlyst av tryggleiksgrunnar etter terroråtaka kring tre veker før COP21.

Fleire stemmer har kritisert myndigheitene for å bruka terrorfrykta som eit påskot for å stogge demonstrasjonar.

Det har òg vore meldingar om konfrontasjonar mellom politi og sivilsamfunn. Like før klimamøtet tok til, brukte politiet tåregass mot demonstrantar. Ifølgje Telegraph skjedde det i ein demonstrasjon som i all hovudsak var fredfull, men der enkelte aktivistar kasta objekt mot politiet.

Organisasjonen 350.org har lagt ut ein video av aktivistar som vart kasta ut av eventen Climate Solutions 21, etter at dei demonstrerte mot det dei meiner er falske løysingar på klimakrisa og «grønvasking» av forhandlingane frå kommersielle selskap.

LES OGSÅ: Frankrike og Tyskland vil ha 1,5-gradersmål


Thomas Cottis med banneret han ikkje fekk med seg inn i «grøn sone» under COP21, området som er ope for ålmenta.

«Ikkje forstyrr»
Ein ting er moglegheitene til å påverke gjennom aksjonar anten i gatene eller på forhandlingsområdet. Noko anna er moglegheitene til å følgje forhandlingane innanfrå.

Kring 40.000 personar har akkreditering inn til «blå sone», der ein kan følgje forhandlingane på nært hald. Også her meiner mange at det er for lite openheit.

På banneret til Young Friends of the Earth står det «Forhandlingar. Ikkje forstyrr». Då Solberg og dei andre to har kome seg ut av metroen og fram til inngangen til forhandlingane, vert dei ståande og vente på sine kompanjongar på innsida.

Det tek ikkje lang tid før folk kjem til for å spørje kva døra med hengelåsen på symboliserer. Medan dei knipsar bilete, kastar Solberg raske blikk bak seg og sjekkar mobilen. Ei gruppe politifolk samlar seg bak miljøvernarane.

– Vi har ikkje lov å aksjonere her ute, så vi må passe på at det ikkje ser ut som ein aksjon, forklarar ho.

LES OGSÅ: Her lagar folk sitt eige toppmøte i Paris

Aksjonerer for openheit
Utanfor forhandlingssenteret aksepterer politifolka forklaringa om at Solberg og venene venter, og ikkje aksjonerer. Ikkje lenge etter kjem ein gjeng ut frå blå sone for å hente banneret og gjere seg klar til aksjon. Arnstein Vestre i Natur og Ungdom er blant dei.

– Vi skal aksjonere mot det vi meiner er manglande openheit i forhandlingane, seier han, og utdjupar:

– Store delar av forhandlingane føregår i små grupper som er stengde for ålmenta. Det gjer det vanskeleg for sivilsamfunnet å følgje med og rapportere ut, og lettare for enkelte land å presse gjennom ein uheldig klimapolitikk.

I aksjonen spør dei kva som vart gøymt vekk bak dei stengde dørene.

– Vår bodskap er at du ikkje får ein god avtale ut av ein stengt prosess, seier Solberg.

I forarbeidet i Bonn ville Japan ha lukka dører, medan Kina og G77-landa ville ha det meir ope. Denne gongen har delar av samtalane vorte lukka utan at det har blitt varsla, ifølgje Solberg.

– Vi ser at mangelen på openheit også skjer i handelsavtalar, som TTIP. Sivilsamfunnet slepp ikkje til, og avgjersler blir ofte teke i favør av land frå det globale nord, seier Vestre.

Tsjekkiske Radek Kubala meiner mangelen på openheit får alvorlege konsekvensar:

– Prosessen skal liksom vere open med sivilsamfunnet involvert, men sivilsamfunnet er totalt ekskludert. Det betyr at stemma til folk som vert hardast råka av klimaendringane ikkje vert høyrt. Det er bedriftene og folk med mykje pengar som har mest innflyting, seier han.

LES OGSÅ: Sundtoft får leiarrolle i Paris


– Climate justice now! ropar desse aktivistane, som har fått tillating til å demonstrere inne i grøn sone.

Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».