«Kjærleik og død, berre kjærleik og død»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Berre kjærleik og død»

Laurdag 15. oktober er det premiere på Det Norske Teatret. Framsyninga blir rekna som ein av dei viktigaste dramaproduksjonane til Jon Fosse.

– Det er modig gjort av teatersjef Erik Ulfsby å setja Jon Fosse opp på hovudscenen, men eg tenkjer det var på tide, seier regissør Trine Wiggen.

Ho peikar på at Jon Fosse har blitt så kjend at det i seg sjølv burde vekkja ei viss interesse for framsyninga. Sjølv ønskjer ho å vera med på å gjera stykket tilgjengeleg for publikum.

– Den oppgåva eg har fått er å gjera det på hovudscenen. Det er eit veldig stort rom, men eg synest det kler dette stykket, fordi det handlar om store tema og store spørsmål.

I oktober lanserte SKALD Jon Fosse si gjendikting av Kafka. Sjå ei av Jon Fosse sine yttarst sjeldne opplesingar her! 

Kjærleik og død
«Kjærleik og død, berre kjærleik og død», seier den mannlege hovudpersonen med referanse til det tragiske diktet til Tor Jonsson, «Fattig ynske».

Ut frå scenen og replikkane som følgjer, forstår vi at det dreier seg om relasjonar.

– Viss eg skal seia kva Draum om hausten handlar om i store overskrifter, vil eg seia det er eit erotisk kjærleiksdrama, eit generasjonsdrama og eit eksistensielt drama, seier Wiggen når vi ber henne fortelja kva framsyninga handlar om.

Sjølv har Jon Fosse kalla stykket «eit slags måleri over livet».


Jon Fosse meiner sjølv at Draum om hausten er eitt av dei beste teaterstykka han har skrive. (Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret).

Få personar – store tema
Utgangspunktet for den ytre handlinga er ein mann som møter ei kvinne på ein kyrkjegard. Det er tydeleg at det er ein relasjon mellom dei. Trine Wiggen meiner det er snakk om ein ufråvikeleg kjærleik som gjer at han går frå kona si og barnet sitt.

– Etter ganske mange år møter vi dei igjen i gravferda til bestemora til mannen. Der er også foreldra hans. Dei er ikkje ferdige med skilsmissa, det at han svikta ekskona og sonen sin. Då byrjar dramaet som har vore, å utspela seg, forklarer ho.

Handlinga følgjer likevel ikkje ei kronologisk rekkjefølgje, men vekslar mellom fortid, notid og framtida. Det synest skodespelar Gard Skagestad, som har den mannlege hovudrolla er ein styrke ved stykket.

– Det er som om spranga i tid oppløyser tida og gjer det lettare å få inn dei store elementa som kjærleiken, døden, sviket og hatet, seier han.

LES OGSÅ: Kva hadde skjedd om Julie var på Tinder? 

– Lett å kjenna seg att
Mange hevdar at Fosse er vanskeleg tilgjengeleg. Det er dei to ikkje einige i.

– Det relasjonelle er veldig attkjenneleg og forståeleg. Eg trur også karakterane er lette å identifisera seg med, seier Trine Wiggen.

Det same meiner Gard Skagestad.

– Stykket handlar på mange måtar om ein dysfunksjonell familie, men det er så tydeleg at alle vil kvarandre vel og ønskjer å møtast, dei får det berre ikkje til. Det tenkjer eg er lett å kjenna seg att i.

– Ingen fasit
Wiggen meiner den viktigaste oppgåva hennar er å opna opp teksten for publikum. Samtidig er ho oppteken av å ikkje leggja for mange føringar, men skapa rom slik at teksten til Fosse kan tala til publikum direkte og folk kan tolka stykket på sin eigen måte.

– Tolkinga mi er jo ikkje den rette tolkinga. Det finst ikkje berre ein rett måte å tolka Fosse på, strekar ho under.

Skagestad ønskjer å bidra til det same.

– Ein del stader finst det ei slags oppfatning om at det er ein spesielle måte å gjera Fosse på som ofte fører med seg ein spesiell tone. Det synest eg er utfordrande å arbeida litt imot, seier han.

LES OGSÅ: Harselerer med Jon Fosse og norsk utanrikspolitikk 

Glimt av noko større
Han legg ikkje skjul på at det er krevjande å gå inn i dei sterke kjenslene som karakteren hans ber på. Det handlar både om kjærleik, svik, det å ikkje ha strekt til som menneske, ein sterk dødsangst og eksistensielle spørsmål rundt kvifor vi lever. Samtidig synest han det å arbeida med stykket har vore gjevande.

– For min eigen del er stykket ei påminning om å ta vare på dei rundt meg, relasjonane og tida, seier han.

Også Trine Wiggen håpar framsyninga skal berøra folk.

– Det er noko med flukta i språket til Fosse som eg synest grip det ubegripelege i livet som vi ikkje heilt greier setja ord på. Han greier å fanga noko av det som gjer at ein blir audmjuk og tenkjer over sitt eige liv. Eg håpar vi greier løfta det vakre språket hans og at folk blir berørte av noko vakkert. (©NPK)


Relasjonane mellom generasjonar er eit sentralt tema i stykket. Bernhard Ramstad spelar hovudpersonens far og Janny Hoff Brekke spelar mor.  (Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret).