Kjære søte snille NATO

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg skriv til deg no på vegner av alle oss som skriv i avisa og jobbar med nyheiter og politikk og sånt i radio og tv i Noreg. Fin gjeng, men det hender at vi tek litt av.

Eg vil berre seie til deg: Tusen tusen takk for at Jens Stoltenberg fekk den jobben. Eg trudde jo det var det du hadde tenkt å gjere, men sikker kan ein aldri vere.

Viss han ikkje hadde fått jobben, er eg redd for at det kunne gått skikkelig gale.

Det er jo ei stund sidan rykta begynte å gå. Takk for det, forresten. Og desse rykta både skreiv og snakka vi om, sjølvsagt. Men så tok det ganske lang tid utan at det kom ei avklaring. Og vi klarte jo ikkje å slutte. Vi heldt fram med å skrive og snakke om desse rykta. Dumt, eg veit det. Men det er ikkje så mykje å finne på når ein skriv i avisa i Noreg. Spesielt ikkje no. Vintersportsesongen er over. Regjeringa er kjedelig. Tippeligaen begynner først no i helga, og er heller ikkje særlig spennande. Og det kan gå dagar mellom kvar gong Triana Iglesias gir eit intervju der ho snakkar om rumpa si.

Som du forstår: Vi har vårt å slite med. Derfor hender det som sagt at det tek litt av når det først skjer noko. Eller når det går rykte om at det skjer noko.

Så vi har allereie intervjua Jens Stoltenberg om NATO-jobben. Lenge før han fekk han. Mange gonger. Han svarte ikkje på eit einaste av spørsmåla, sjølvsagt, men det stoppa oss naturligvis ikkje. Vi har også intervjua dei fleste andre politikarar i Noreg. Og dei utlendingane vi har komme over.

Vi har lese det som finst av utanlandske aviser på nettet, på jakt etter namnet Stoltenberg, og skrive om det meste vi har funne, sjølv om vi ikkje alltid har forstått det som står der sjølve.

Ja, og så har vi skrive ein heil del oppsummeringsartiklar om livet og karrieren til Jens Stoltenberg. Og vi har fordelt toppjobbane i Arbeidarpartiet etter han, som om han allereie hadde gått av. Vi har bestemt kven som blir ny partileiar, for eksempel. Det er avgjort, faktisk. Og vi har gjennomført ein haug gratulasjonsintervju med den nye partileiaren, sjølv om han ikkje svarte på spørsmåla våre, han heller. Den nye partileiaren er forresten litt same type som Stoltenberg, sånn flink og ganske pen nerd. Kanskje han kan bli generalsekretær i NATO etter Stoltenberg?

Som du forstår, NATO, det har blitt litt mykje for oss. Så om det ikkje hadde komme ei avklaring no, så veit eg ikkje kva som kunne ha skjedd. Om det hadde gått ei veke til utan avklaring, så er det fare for at nokon av oss hadde reist rundt i Europa med ein pappfigur av Stoltenberg. Det er fare for at vi ville ha skrive lange artiklar om store nordmenn i internasjonale toppjobbar opp gjennom historia: Trygve Lie, Morten Harket, Fredrik Skavlan. Det er definitivt fare for barnebilde av Stoltenberg og kommentarartiklar om kva det er med skandinavar som gjer oss så ettertrakta i verda. Vi ville garantert ha trykt gratulasjonshelsingar frå fjern og nær, både til Stoltenberg og Støre (han andre nerden eg nemnde tidligare). Og ja, eg trur nok det er fare for at vi hadde spurt Triana Iglesias om å seie noko om kor bra det blir i verden med Stoltenberg som NATO-sjef.

No kan vi gjere alt dette, og likevel verke som seriøse journalistar.

Så takk, NATO, for at du ordna dette. Dersom Stoltenberg ikkje hadde fått denne jobben, og komme luskande heim att til arbeidarpartiet sitt, då hadde det sett veldig dumt ut. Og vi som skriv i avisa ville verka skikkelig teite. Og det liker vi ikkje.

Det var berre det. Vil berre at du skal vite at vi sett pris på at du bryr deg om kor teite vi ser ut her i Noreg. Dette kjem vi ikkje til å gløyme. Det blir ikkje mykje NATO-kritikk frå denne kanten framover, for å seie det sånn.

Snakkast.

Koz,
Vi som skriv i avisa og snakkar om nyheiter og politikk og sånt i Noreg.


Først publisert i Aftenposten 30. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!