Kino er framleis det mest populære kulturtilbodet

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kino er framleis mest populært

Kulturbarometeret for 2016 frå Statistisk sentralbyrå viser at 72 prosent i aldersgruppa 9–79 år hadde vore på ei kinoframsyning på dei siste 12 månadene. I 2012 var delen 67 prosent.

Delen som besøkjer teater, musikal eller revy, auka frå 45 prosent i 2012 til 50 prosent i 2016.

Det same gjeld museumsbesøk, der det er ein auke frå 41 prosent til 44 prosent i same periode.

For folkebiblioteka har besøksdelen derimot sokke frå 49 prosent i 2012 til 46 prosent i 2016, viser dei ferske tala.

LES OGSÅ: 2016 var eit toppår for norsk kino – og alle dei mest sette filmane var norske