Kina tappar verda for mjølk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danske mjølkebønder får for tida 25 kroner literen for økologisk langtidshaldbar mjølk i Kina, og prisane stig stadig, skriv Jyllands-Posten.

Det er den veksande middelklassen i Kina som gir den store auken i etterspørselen etter importere meieriprodukt. Mange av dei vil heller ha dyre utanlandske varer enn dei kinesiske, som dei ser som mindre pålitelege etter fleire matskandalar dei siste åra.

Eigenproduksjonen av mjølk i Kina gjekk òg ned med 20 prosent i fjor, først og fremst på grunn av slakting av sjuke dyr. Samtidig er landet i gang med å byggje opp strategiske lager av mjølkepulver, noko som pressar prisane enda meir.

Etter at Arla fusjonerte med det tyske meireiselskapet Milch-Union Hocheifel i fjor, reknar selskapet det neste året med å auke eksporten av langtidshaldbar mjølk til Kina kraftig. (©NPK)

LES OGSÅ: Dei nye koloniherrane