Kåt geitebukk i varetekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

– Ja, no står bukken trygt og godt i ein hestestall i Lunde, fortel lensmann Lorentz Lunde.

Det var lensmannen sjølv som onsdag ettermiddag drog til Torkebakkjen for å fanga den viltre bukken. Med seg hadde han både medhjelparar frå Lunde og grunneigar Bjørn Tore Espevik på Torkebakkjen.

LES OGSÅ: Friske geiter mjølkar meir

– Bukken er ein spretten liten kar. Men han var ikkje så vanskeleg å fanga. Me brukte ei vanleg elektrisk gjerdenot, forklarar lensmannen.

Etter at bukken var fanga, vart han køyrd til Lunde.

Ifølgje beitelova er politiet ansvarlege for å ta vare på bukken i 14 dagar. Men det har allereie gått ei tid av dei 14 dagane sidan han har vore inngjerda i varetekt hos Bjørn Tore Espevik.

Bukken har bjølle med plastklave på seg, men så langt har ikkje lensmannen funne namn eller andre kjenneteikn på geita om kven som er eigar.

– Dersom det er nokon som kjenner eigaren, må han eller dei melda seg, elles vil dyret bli selt eller avliva, truleg det siste, seier lensmannen.

LES OGSÅ: Sommarjobb som geitegjetarar

Den vidare lagnaden til geita vil bli avgjort i dialog med Mattilsynet.

Det var sist helg den virile og ukastrerte geitebukken braut seg inn i inngjerdinga til dei fire kastrerte geitene til Bjørn Tore Espevik, og gjekk til åtak på dei. Til slutt måtte Espevik ta inn sine eigne geiter. Han etterlyste eigaren av bukken, men så langt har ingen meldt seg. Saka har skapt stor medieinteresse og fleire storaviser har skrive om den virile og eigarlause geitebukken på Onarheim.