Kappa, kamerahorer og kaféliv

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kamerahorer og kaféliv

Innlegget var først hos Spillpikene

45 millionar menneske benkar seg framfor straumetenesta Twitch.tv i løpet av ein månad*, men fenomenet blir knapt nemnd i media. Kva er det som fenger med å sjå på andre spele? Kva kjenneteiknar fenomenet Twitch?

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

Fyrst eit døme på kva det er snakk om:

Twitch i korte trekk
Mange utanforståande er forundra over Twitch sin aukande popularitet. Det har til og med frustrert gjengen i South Park.

Korleis kan det vere artigare å sjå på andre spele, enn å faktisk spele sjølv?

Fyrst ei kort forklaring på fenomenet Twitch:

– Twitch er ein nettstad der kven som helst kan straume frå eit spel.

– Alle straumar har ein chat der sjåarane kan delta.

– Dei mest populære straumarane kan leve på inntekter frå Twitch.

– Esport-spel som League of Legends og DOTA 2 toppar sjåarlistene til ei kvar tid.

– Brukarar av Twitch har utvikla ein eigen kultur, der spesielt meiningsinnhaldet i forskjellige emotikoner sentrale.

– Twitch kan skildrast som det ein i sosiologien kallar ein “tredjeplass” i samfunnet. Det tilsvarer til dømes kafear og pubar.*

Eg har vore ein Twitch-junkie i over eit år no, og som tidligare samtaleforskar blir eg svært fascinert av dette fenomenet. Eg har òg byrja å straume sjølv, sidan eg er nyfiken på korleis Twitch opplevast frå den andre sida. Kva er det som gjer at dette er ei vinnande oppskrift? Interaksjon er nøkkelordet.

Gabriel

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?

Tenar store pengar på donasjonar
Gabriel “Warwitch” David driv ein populær kanal på Twitch, og har mellom anna inngått partnerskap med selskapet. Han lev av å straume, og mesteparten av pengane kjem frå donasjonar.

Reklameinntektene og inntekter frå abonnentar er relativt lave. Han straumar fem dagar i veka, og har opp til tre straumar i løpet av eit døger. – Eg går definitivt inn i ein karakter når eg straumar. Warwitch er svært utåtvendt. Privat er eg derimot den som lyttar framfor å snakke, fortel David.

I løpet av eit par økter donerte ein sjåar 20 000 kroner til saman.

LES OGSÅ: – Lat elevane spela!

– Twitch er interaktivt fjernsyn
Noko som kjenneteiknar Warwitch som straumar, er faktisk fråværet av speling på straumen.

– Publikum er heldige dersom dei får ti prosent gameplay. Eg køyrer fyrst og fremst eit show der eg og publikum har det artig saman, fortel han. Warwitch gir bort spel og abonnement i konkurransar, og har mellom anna spørjekonkurransar der ein kan samle poeng. Kor går eigentleg grensa mellom spelstraum og talk-show?

– Twitch er interaktivt fjernsyn. Spela er framleis ryggrada i verksemda, men det handlar fyrst og fremst om interaksjonen mellom straumaren og menneska i kanalen. Mitt fokus er å ha det gøy med dei som heng i kanalen min, avsluttar han. Det kan sjå ut som at innhaldet ikkje er så viktig, det er derimot samhaldet.

Ein forskingsrapport på Twitch skildrar dette fenomenet som “participatory communities”. Eit fellesskap der kvar enkelt skapar og pregar ein kultur mellom deltakarane.

Darude - Sandstorm har ein heilt spesiell plass i spelarar sine hjarter, noko som kjem til uttrykk i denne Twitch-kanalen

Darude sin song “Sandstorm” har ein heilt spesiell plass i spelarar sine hjarter, noko som kjem til uttrykk i denne Twitch-kanalen. Foto: Skjermdump

LES OGSÅ: Tillèt berre ein homofil på laget

Når samtalen blir giftig
– Eg trur det er opp til straumaren sjølv kva miljø ein legg til rette for i kanalen. Eg viser til dømes interesse for sjåarane mine. Eg spør alltid om kva dei studerar, kva dei jobbar med og kor dei er ifrå. Straumaren “JavaWho” har ein liten kanal, men til gjengjeld straumar ho utelukkande The Elder Scrolls Online for det ho skildrar som ein samansveisa gjeng. Java trur at såkalla “giftige” kanalar oppstår når straumaren har ein nedlatande tone til dei som ser på, og manglar nokon som kan moderere samtalen i kanalen.

– Eg har hatt tusenvis av sjåarar, men eg kan telle på éi hand dei gangane eg har svartelista nokon. For Java er Twitch ein ideell stad å finne likesinna.

– Eg ser på Twitch som ei bru mellom menneske. Berre tenk på det. Eg og du er frå forskjellige kontinent, men i kanalen min kan vi nerde over ei felles interesse saman.

LES OGSÅ: Digital motvilje

Å vere kvinne på Twitch
Kombinasjonen av webkamera og chat-rom er uimotståeleg for troll og hatarar. Eg har sett mange unødvendige kommentarar som utelukkande går på utsjånaden og oppførselen til straumaren, og det gjeld både for mannlege og kvinnelege straumarar. Menn blir ofte kalla “faggot”, og damer “whore”, gjerne utan grunn. Ein av straumarane eg følgjer, Natalie “TheZombiUnicorn” Casanova, bur i varmare strøk og straumar ofte i singlet. Ho blir ofte anklaga for å vere lettkledd med mål om å tene meir pengar. 

«Do I have to cut my tits off to be a legitimate streamer?» responderar “Zombi” til ein av sjåarane. Nokre av deltakarane i kanalen seier til Zombi at kvinner flest på Twitch brukar kroppen for å tene pengar, og at dei alle er såkalla “camwhores”.

Kamerahorer kan skildrast som kvinnelege straumarar som ikkje er spesielt interesserte i spel. Dei er på Twitch for å tene pengar på utsjånaden sin, og det er dette straumen handlar om. Det er ikkje spesielt flatterande å bli kalla for kamerahore, og er det faktisk slike motiv dei fleste av oss kvinnelege straumarar har?

La oss tenke på dette med eit kaldt hovud. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein får meir merksemd når ein er ein minoritet. Det er utan tvil flest menn som både straumar og som ser på Twitch.

Eg har same erfaringane frå då eg byrja å spele MMO-ar. I eit laug var vi fire kvinner og om lag hundre menn. Eg hadde mi fulle hyre med å svare på meldingar og venneførespurnadar. Eg fikk tilsendt verdifulle gjenstandar utan å spørje om det, og eg hadde full forståelse for at nokon vart provoserte. 

Dette har endra seg i mi erfaring. No er det ikkje oppsiktsvekkande med kvinner i slike spel, og det er svært lenge sidan eg har blitt anklaga for å få fordelar fordi eg er kvinne. Kanskje Twitch vil gå gjennom den same prosessen, sidan vi berre blir fleire og fleire kvinner som både straumar og spelar?

Eg trur sjølv at dei aller fleste kvinnelege straumarane på Twitch er der fordi dei har ein lidenskap for spel. Eg ville likevel ta ein test, og besøkte om lag 40 kanalar med kvinnelege straumarar. Alle eg var innom framstod som seriøse kanalar, der speling, underhaldning og fellesskap var i fokus. Det er nok ei myte at kvinner flest er kamerahorer. Eg synest sjølvsagt det var ein svært drøy påstand i utgangspunktet.

Det finnast sjølvsagt dei som straumar med andre motiv enn å vere i eit fellesskap av andre spel-interesserte. I denne samanhengen vil eg nemne straumaren “KaceyTron”, som har rykte på seg for å vere ei kamerahore.

I ein Reddit AMA-tråd fortel kvinna bak “KaceyTron” at det heile berre er satire. Ho ville ikkje ha ein vanleg A4-jobb, og tenar no pengar på å vere figuren KaceyTron. Ho spelar på kropp og dumskap, og hatet fløymer i kanalen. Dette blir omtala som “hatevertising”; gjennom hatet som mange har for KaceyTron, sprer òg ordet seg om kanalen. Resultatet er tusenvis av sjåarar, og KaceyTron tenar greitt på mellom anna reklameinntekter. Mange har forstått at KaceyTron berre trollar og utnyttar hatarane, medan andre rasar mot den godt synlege kløfta og dei dumme ytringane. Nokon går rett i fella her, og det er ikkje KaceyTron.

17-år gamle Amalie Marie

17-år gamle Amalie Marie “ProxyFox” Reisvaag er ein av dei største norske straumarane på Twitch, med nesten 20 000 følgarar Foto: Proxyfox på Facebook

Kvifor er Twitch nærmast usynleg i media?
Ungdom mellom 18 og 24 år er den desidert største brukargruppa på Twitch. med heile 34 prosent av totalen. Tenåringane er hakk i hæl. Dette er kanskje ein del av forklaringa på kvifor vi ikkje høyrer meir om Twitch i media.

Ein skulle tru at noko som tek så mykje av tida til unge menneske fikk meir omtale. Ein har til og med norske tenåringar som kan reknast som kjendisar i Twitch-verda. Det ser likevel ut til at teknologijournalistane i riksmedia nettopp har oppdaga YouTube-fenomenet Pewdiepie, som er gammalt nytt i spel-verda. Dei store spel-nettstadane er sjølvsagt unntatt her, som til dømes Gamer.no og VG sin Level Up, som straumar sjølve.

Er fenomenet Twitch kanskje vanskelig å forstå? Det er ikkje så lenge sidan spel og spelkultur blei sett på som ein useriøs og tidvis skadeleg aktivitet. Dette har endra seg markant dei siste åra, men det ser ut til at Twitch ikkje blir sett på som relevant for omverda.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Det er heldigvis nokon som har forstått at noko stort er på gang. Trafikken frå Twitch dobla seg i Telenornettet i løpet av eit halvt år, frå to til fire prosent. E-sporten dominerer på Twitch, og spel som League of Legends og Hearthstone får skyhøge sjåartal. Dette har ikkje gått upåakta hen i Telenor.

Dei sponsar no e-sport-ligaen til Gamer.no, naturlegvis kalla Telenorligaen. I same slengen vil eg nemne nyopna House of Nerds i Oslo. Det er ein møtestad for spelarar, men tilbodet er i hovudsak retta mot e-sport-miljøet. Denne fristaden er sponsa av diverse aktørar i næringslivet.

I tillegg har TV2 inngått eit samarbeid med HoN, der dei vil vise e-sport både på TV2 Sumo, og etter kvart på lineært TV. Er denne kommersialiseringa ein god ting?

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel

Twitch i framtida
Vi ser det heile tida. Populære tenester som YouTube og Facebook blir fylde av reklame. Dei lagar bruksavtalar med tvilsame krav til brukarane. Dei sel informasjon om korleis vi brukar tenestene til tredjepartar. Twitch går nok i same retning. Selskapet blei kjøpt opp av Amazon for nesten 7,5 milliardar i norske kroner i 2014. Ein av endringane sidan då er at opptak med tredjeparts-musikk får fjerna lyden. Svært mange av opptaka som straumarane hadde lagt ut, blei tilnærma ubrukelige som eit resultat.

Det handlar heller ikkje berre om spel lenger. No straumast det filmar og talk-show på Twitch. Den uavhengige tenesta er ein saga blott, og dei som var tilhengerar av den gamle modellen har allereie funne seg nye heimar hjå tenester som Ustream og Hitbox.

Eg vil runde av med eit døme på kvifor eg elskar Twitch.

Er du framleis nyfiken på Twitch? Då anbefalar eg denne forskingsrapporten som går meir i djupna på fenomenet.