Kan misse nesten alle ordførarane sine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aller verst er det i Austevoll med tilbakegang på 26,4 prosentpoeng.

Før kommunevalet hadde Framstegspartiet tolv ordførarar. Men i elleve av kommunane taper partiet oppslutning, ifølgje VG.

Resultata frå valet tyder på at Frp kan ende opp med å behalde ordførarane i berre to av kommunane.

LES OGSÅ: MDG aukar mest: – Heilt fantastisk

Terje Søviknes i Os kommune i Hordaland sit trygt med skyhøge 39,4 prosent av stemmene, ein framgang på 1,7 prosentpoeng frå førre kommuneval.

I Akershus-kommunen Ullensaker er det også sannsynleg at Frp beheld ordføraren, sjølv om partiet har mista 6,2 prosentpoeng av stemmene sidan førre val. 

LES OGSÅ: Aarebrot: Dei raudgrøne gjer comeback