«Juleroser» toppar salslista

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mens dei tradisjonelle julehefta stort sett har dreidd seg om teikneseriehefte, er salsvinnaren i år i kioskkjeda Narvesen det litterære juleheftet Juleroser som er gitt ut av Samlaget og Egmont med Herborg Kråkevik som redaktør.

Dronning Sonja og Anne B. Ragde
Heftet er ikkje eit tradisjonelt teikneseriehefte med julebodskap, men ei samling forteljingar og teikningar der fleire kjende norske forfattarar og kunstnarar har bidratt. Blant desse finn vi i år dronning Sonja, Anne B. Ragde, Vetle Lid Larssen, Kolbein Falkeid, Håkon Gullvåg og Theodor Kittelsen.

Juleheftet kom ut for første gong sidan 1944 i fjor, og vart også då svært populært med ein andreplass. I år har det altså klatra til topps på salslistene og samtidig fått gode kritikkar. Ifølgje Samlaget er det også utselt frå forlaget.

Originalen kom ut frå 1881 i Danmark, men vart etter kvart eit nordisk julehefte som frå 1895 fekk eigen norsk redaktør.

LES OGSÅ: Gode salstal for kyrkja sin litterære julekalender

Vangsgutane i nord
På andreplass på salslista til Narvesen kjem juleheftet til Pondus – som var på førsteplass i fjor. Deretter følgjer dei meir tradisjonelle julehefta med Stomperud, Knoll og Tott og Vangsgutane.

Juleroser og Pondus er gjennomgåande dei to mest populære julehefta i landet, bortsett frå i Nord-Noreg der Vangsgutane toppar salslista hos Narvesen.