Jubileum i ein fei!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Jubileum i ein fei!

Som du sannsynligvis har fått med deg, vil det i år bli feira at det er 200 år sidan ein gjeng møttest på Eidsvoll og laga ei grunnlov i ein fei.

Tradisjonen tru, vil dette bli feira med konferansar, kunst, kultur og intervju med folk på gata som framstår som dummingar fordi dei ikkje veit kven Christian Magnus Falsen var.

Men den beste måten å minnast gjengen som i 1814 laga grunnlov i ein fei, er sjølvsagt å spørje seg sjølv: Korleis ville det sett ut om vi i dag, akkurat no, skulle lage ei grunnlov i ein fei?

Du skal sleppe å tenke så nøye over det, for eg har sjølvsagt svaret. Viss vi, akkurat denne veka, skulle laga ei grunnlov i ein fei, ville den sett sånn ut:

Norges grunnlov, laga i ein fei av folket i januar 2014:

§1: Norge skal ha ein kongefamilie. Kongefamiliens oppgåver skal vere å representere, vinke, og ta imot besøk frå andre kongefamiliar som lar seg overtale til å komme på besøk sjølv om dei eigentlig ikkje har lyst. Medlemmer i kongefamilien skal også delta på konferansar og meine at det er utrulig viktig at vi er flinke til å sjå kva behov kvart enkelt menneske har.

§2: Det norske folket skal velje politikarar som skal representere folket i fire år. Folket skal så vere kritiske til absolutt alt desse politikarane gjer i desse fire åra. Folket skal ha spesielt kort lunte og vere spesielt gretne i januar, fordi folket då er blakke, nettopp har begynt å trene igjen, og tatt til på ein sjuk diett der du fastar to dagar i veka. Innimellom forsøka på å svare på den konstante kritikken frå blakke og svoltne veljarar, skal politikarane også prøve å bestemme kva lover og reglar som skal gjelde i samfunnet.

§3: Desse lovene og reglane skal gjelde for samtlige av nasjonens borgarar, unntatt for borgarar som er nitti år gamle, sjarmerande, frå Nord-Norge, bannar ein del og synest lovene er idiotiske. Aldersgrensa på nitti kan justerast opp etter kvart som den gjennomsnittlige levealderen i folket stig. Med «Nord-Norge» meiner ein her alt nord for Nord-Trøndelag. Det kan vere rom for å gjere unntak også for borgarar sør for denne grensa, dersom desse borgarane er spesielt gamle og spesielt gode til å banne. Om ein person skal reknast som sjarmerande, blir avgjort ved å sjå om personen får journalistar til å smile på ein litt nedlatande måte.

§4: Nokon som har støtte frå fleirtalet av dei folkevalde politikarane, skal danne regjering. Regjeringas hovudoppgåver er å vere kritisk til alt den forrige regjeringa gjorde og alt den neste regjeringa kjem til å gjere, samt å ikkje irritere folk som satt i den forrige regjeringa eller folk som skriv i avisa.

§5: Folk som sitt i regjering, og spesielt folk som er på veg ut av regjering, har ikkje lov til å meine noko om ting som ligg eller kan komme til å ligge mindre enn ein kilometer frå heimen deira, for eksempel vegar, tunnelar, praktbygg, politiske problem, ungdomskriminalitet, museum eller olympiske leikar.

§6: Det kan gjerast unntak frå denne regelen for eventuelle regjeringsmedlemmer som er nitti år gamle, sjarmerande, frå Nord-Norge, bannar ein del og synest denne regelen er idiotisk. Det kan også gjerast unntak for regjeringsmedlemmer som på andre måtar er litt utemma og seier ting ein ikkje skal seie, dersom nokon trur at slike folk nokon gong kjem til å sitte i ei regjering igjen.

§7: Ingen norske borgarar har lov til å like den nye OL-songen.

§8: Alle norske borgarar skal halde med Cardiff.
 

Først publisert i Aftenposten 11. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!