Journalistar på borgarløn

Debatt
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 25. april låg det sju stillingsannonsar på Journalisten.no. Dette var det samla tilbodet til norske journalistar på jakt etter jobb: fire stillingar som kommunikasjonsmedarbeidarar (i Efta, Kommunaldepartementet, Fotballforbundet og Lektorlaget), to frilansavtalar i Bistandsaktuelt (som regjeringa forsøkte å leggje ned i fjor haust) og eit vikariat i bladet Lister. Ja, og så ei uspesifisert mengd «engasjement» som produsentar av juksejournalistikk i Contently, det største selskapet for innhaldsmarknadsføring i verda.

Utsiktene til å få fast stilling i ein avisredaksjon har kanskje aldri vore mindre enn denne våren. Dei store avisene tumlar frå kuttrunde til kuttrunde, dei minste har teke til å kutte ned på kor mange vekedagar avisa kjem ut for å tilpasse produksjonen til den staben dei har råd til å halde på. Ingen tilset.

På same tid er Mediemangfaldsutvalet i gang med arbeidet sitt. Eg høyrer sjølv korleis den setninga lyder som luft som fislar ut av ein ballong. Mediemangfaldsutvalet er eit søvndyssande namn, vi snakkar eigentleg om Redningsselskapet for nokon som så vidt har hovudet over vatnet.

Utvalet, som blir leia av direktøren for Fritt Ord, Knut Olav Åmås, skal finne ut korleis ein kan oppfylle kravet i Grunnlova om at staten «skal legge forholdene til rette for en åpen og opplyst samtale» når marknaden sviktar på alle baugar og kantar. Med andre ord: Korleis bør staten sikre at det blir laga nok journalistikk av den type som «er avgjerande for eit godt fungerande demokrati og for ytringsfridomen», som dåverande kulturminister Thorhild Widvey sa då ho sette ned utvalet i fjor haust.

Helge Øgrim, redaktør i Journalisten, har presentert eit forslag som utvalet ikkje bør leggje til sides. Han ser for seg eit system som i løpet av fem år kan sørgje for at 1500 journalister får eit årleg stipend på 400 000 kroner for å lage nettopp denne journalistikken. Det tilsvarer ein stor redaksjon i kvart fylke og ville gjort ein enorm forskjell.

Halvparten av pengane vil Øgrim ta frå kringkastingslisensen, resten skal vere friske statlege midlar. Ei slik auke er kanskje ikkje realistisk, gitt kva Høgre og Framstegspartiet meiner om pressestøtte som prinsipp. Men utan eit sterkare offentleg engasjement risikerer vi at den journalisten som ikkje er kommunikasjonssjef, medierådgivar eller tekstreklameforfattar, hamnar på raudlista over utryddingstruga artar.

Det finst eitt unntak, og det er NRK. Nesten kvar fjerde aktive journalist i Noreg er tilsett i NRK. Det er ein enorm styrke for det norske samfunnet at vi har ein sterk journalistisk institusjon som ikkje må innskrenkje overvakinga sjølv om Facebook og Google stikk av med annonseinntektene, og som har abonnementsinntektene sine sikra gjennom lov. Eg har argumentert heftig og ofte for at det er uklokt å svekkje NRK på same tid som at dei kommersielle mediehusa slit, fordi det berre vil føre til at den samla journalistiske innsatsen blir redusert. Men det er også eit problem dersom NRKs relative styrke blir for dominerande.

Øgrim foreslår ei gradvis overføring av til saman seks prosent av NRK sine inntekter, til saman 400 millionar kroner, supplert med like mykje over statsbudsjettet, til ei ordning med treårige arbeidsstipend for uavhengige journalistar, grupper av journalistar eller oppstartprosjekt. Pengane bør fordelast av eit breitt utval med eit lite sekretariat, type Kulturrådet. Slik kan ein sikre både tematisk og geografisk spreiing.

Forslaget inneber ei form for borgarløn for journalistar, og vil også kunne brukast som pilotprosjekt for noko som kan bli ei allmenn ordning. I land etter land er politikarane i ferd med å innsjå at sidan heile arbeidsmarknaden kan bli like mager som stillingsannonsene i Journalisten, er borgarløn eit interessant alternativ til massearbeidsløyse og sosial uro. Sveits skal ha folkeavstemming om borgarløn i juni.

Arbeidsledige journalistar kastar nok ikkje brustein i gatene. Nokre av dei bit hovudet av all skam og sender ein søknad til Contently, andre blir lærarar, flyktningkonsulentar eller noko anna nyttig. Dei klarer seg, men samfunnet klarer seg ikkje utan den jobben dei gjekk frå. Derfor bør forslaget til Øgrim bli diskutert med det alvoret det fortener.

Først publisert på ndla.no under CC-BY-SA-lisens

Les fleire kommentarar frå Sven Egil Omdal her!