Jon Georg Dale: Frå skulelei til statsråd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er langt frå Jensgarden til Paris.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (31) ler over ein kvit kopp, fylt til randa av far, eller faderen som han konsekvent vert kalla, Eldar Dale sin krutsterke kaffi.

– Denne kan du ete med skei, fleipar han til opphavet.

– Ja, du må ikkje tru det vert ein vane at eg serverer deg kaffi, repliserer faderen.

LES OGSÅ: Blir yngste mannlege statsråd nokon gong

Senterparti-fader
Slik er gjerne stemninga heime hos familien Dale i Dalsbygda i Dalsfjorden. Far og son. Evige diskusjonar. Eldar Dale er Sp-ar på sin hals. Sonen held med Frp. Dei har eit avklart forhold til det heile, hevdar dei. Dei veit at dei er usamde i mykje, eller det meste, men dei kan leve med det.

– Han har alltid bryna meg på standpunkta mine. Eg veit ikkje om han har vore klar over det, men det har vore til stor hjelp for meg. Kanskje er det faderen eg må ringe før eg skal i debatt, berre for å vere førebudd på argumentasjonen frå opposisjonen.

Jon Georg Dale er på heimebane. Den ferske statsråden, utnemnd 16. desember, slappar av i sofakroken i stova på heimgarden Jensgarden. Her er han oppvaksen med tre yngre brør, mellom bratte fjellsider, kald fjordtrekk og smale vegar, om lag der ingen skulle tru at nokon kunne bu. I sterk kontrast mot heimen hans dei siste fem åra, Nydalen i Oslo.

– Eg sa det ein gong i eit intervju med Næravisa, at eg aldri kunne ha budd i ein by. Dei orda må eg nok bite i meg.

Og no står altså Paris for tur. Eit OECD-møte. Som skal gå føre seg på engelsk. Og før det, eit møte med «ein heil haug» av landbruksministrar i Tyskland. Også på engelsk. For ein Tottenham-fotballfan er engelsk meir som kvardagskost, men så var det desse fagterminologiane då. 

– «Antibiotikaresistens». Kva er det på engelsk, tru?

LES OGSÅ: Me produserer mindre av maten sjølve

Fylkesmeister i gjetarhund
Han har bestemt seg for å kaste seg ut i det. Det er den måten han lærer best. Han kan ikkje sitje på gjerdet og vente. Då skjer det lite. Han har aldri vore typen til å sitje mykje i ro.

– Skulen var ikkje for meg. Å sitje i ro i dei timane på døgnet der du er mest aktiv, strir mot mine naturlover. Eg er oppvaksen i aksen mellom fjøsdøra og husdøra i Jensgarden. Det var gardsarbeidet som interesserte meg. Å sende meg på skulen på vårparten då det var lamming var meir som ein katastrofe.

På nabogarden budde Rasmus og Per Dahle. Dei dreiv på gamlemåten, med Jon Georg som villig læresvein. Statsråden viser dei bratte bakkane bak huset. Der hadde dei dyra sine på beite, medan naboen slo heile sidene med ljå og hesja. Dei sette poteter og fiska med garn i fjorden. Jon Georg Dale snakkar om dei med beundring i stemma. Dette var arbeidsame karar.

Høner, kaninar, sau og gjetarhundar. Ting landbruksministeren har greie på frå oppveksten. Han har vore fylkesmeister i gjetarhund. I ermet har han også fagbrev og fleire års erfaring i kjøtskjering. Tungt arbeid.

– 1,5 tonn med kjøt for gjennom hendene i løpet av ein dag. Det er beintungt. I denne slekta er vi opplært til å ta stilling og jobbe for å få det vi vil ha. Vi får ikkje lov til å berre suse gjennom livet og la andre styre retninga. Det dug ikkje. Bestefaderen sa det slik: «Sjå ikkje opp, berre arbeid». Dette er ei jernhaldning som sit djupt i slekta.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

 
Far til Jon Georg Dale stemmer Senterpartiet, men saka om eigedomsskatt fekk sonen til å velje Frp. Foto: Roy-Arne Folkestad 

– Du skal ikkje tru, du skal vite
Ei jernhaldning som Jon Georg Dale trur vil kome til god nytte når han no tek fatt på jobben som landbruks- og matminister i Erna Solberg si regjering. Frå før har han mellom anna erfaring som statssekretær for samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, og no sist, finansminister Siv Jensen.

– Dei som ser politikarar gjennom nyheitene, trur eg ikkje ser alt arbeidet som ligg bak at dei står der i dei to minutta. Du må ha full kontroll på alt du kan tenkast å verte spurt om. Trakkar du feil ein liten gong er du ute på glattisen. Du skal ikkje tru, du skal vite, viss ikkje må du halde munn. Det er mykje jobb å vite, men så er det så vanvitig givande, og det er det som gjer at det går. Eit felles kjenneteikn på dei som driv på med dette er at dei får energi av å stadig møte nye folk. Det gir næring.

At ein skuletrøytt ungdom skulle finne vegen til politikken var ikkje sjølvsagt, men ei skuleoppgåve endra mykje for Jon Georg Dale.

– Rune Myklebust gav oss i oppgåve på ungdomsskulen på Folkestad å velje ut ei sak frå kommunestyremøtet i Volda som vi skulle følgje. Eg enda opp med å velje ei sak om eigedomsskatt. Då var det vel gjort. Ikkje lenge etter bestilte eg alle partiprogramma. Frp var det som fall meg nærast. Så eg har inga mørk fortid i andre parti, humrar statsråden.

LES OGSÅ: Dale: – Viktig å få dei unge inn i landbruket

Søvnlause netter
Jon Georg Dale fann sin nisje. Han har alltid sett si ære i å møte godt førebudd i politiske møte. Han les seg opp på temaet, tek eit standpunkt, og held fast på dette. Han var yngstemann nokon gong då han vart valt inn i Volda kommunestyre som 18-åring. No er han yngste mannlege statsråd nokon gong. Det ber med seg eit visst ansvar. Han har kjent litt på den kjensla dei siste dagane, etter at telefonen frå statsminister Erna Solberg kom.

– Eg var ikkje i tvil på kva eg ville svare, men hadde behov for å gå nokre rundar med dei rundt meg. Skulle det storme treng eg å vite at dei er førebudde på akkurat det. Korleis vil ho eg bur saman med like det dersom eg får dårleg medieomtale i fleire veker. Kva med veslebror min på 15? Alle støttar meg. Så då takka eg ja, då.

Men først vart han uhyre nervøs. Den sindige dalsfjordingen har aldri kjent på den kjensla før. Han gjekk tre dagar utan søvn. To dagar utan mat, og siste natta før han skulle på slottet trudde han at han skulle stryke med.

– Nei, det var heilt gale, men i det eg gjekk inn på slottet 16. desember, så var eg på. Då var alt greitt. Eg var på jobb. Eg fann att roa. Det kjendest rett. Eg landa. Der er eg framleis, sjølv om eg framleis jobbar med å venne meg til tanken at eg er statsråd. Eg vil ikkje tenke så mykje om det enno. Det må falle på plass av seg sjølv.

Sylvi i motvind
Han har bestemt seg for å ikkje ha alle svara frå starten av. Han startar med å invitere bondeorganisasjonar, industrien og andre til møte. Han vil ha informasjon før han tek stilling. Han tek over eit departement som har vore mykje i vinden under leiing av Sylvi Listhaug dei siste åra. No er ho innvandrings- og integreringsminister, mens Jon Georg Dale tek over hennar jobb.

– Det er dame med bein i nasen. Når vinden bles mot henne tek ho eit steg fram og lener seg på vinden. Står han av. Det er den beste posisjonen. Eg meiner sjølvsagt at det er best å unngå dei sterkaste vindane, men skulle det røyne på er det slik det skal gjerast.

Etter juleferie på heimebane, ventar store utfordringar for den unge ministeren. Han kjenner seg likevel på heimebane der også.

– Eg håper eg kan bidra til større entusiasme for norsk mat, og at fleire yngre krefter vil satse på landbruket. Utfordringane endrar seg ikkje over natta, men eg trur genuint på at om vi skal ha landbruk att i Noreg om ti, femten, tjue og tretti år, så er hovudutfordringa faktisk å gjere det interessant og lønsamt for dei unge. Ingen vil bruke store delar av fritida si på å investere mykje pengar i tretti sauer. Mi erkjenning av kva som skal til for å lykkast er at investeringane må vere av eit slikt omfang at folk kan leve av det. Min generasjon prisar fritida si ofte høgare enn inntekta. Skal du velje eit liv der du i tretti til førti år er i arbeid frå morgon til kveld, krev det eit aktivt og medvite val. Landbruket vil alltid vere supplert av dei små produsentane som har landbruk som hobby ved sida av, men framtida til landbruket avheng av at dei som investerer i det også kan leve av det.

Nedlagt gardsbruk
Jon Georg Dale viser rundt på heimgarden. Huset, fjøsen og gamle Dale skule, der han sat i skuletimane og sende lange blikk heim til Jensgarden. Han trakkar vidare oppover bakkane i ti cm kald snø. Pustar frisk luft djupt inn. Ser ned på heimgarden. Løftar hovudet og kikar innover Dalsfjorden.

– Dette er Paradis. Her oppe, på denne knausen over Jensgarden, har eg alltid drøymt om å byggje meg hus, for så å kunne ta over garden.

Men no er fjøsen tom på Jensgarden. Sauene er reist til dei evige beitemarker. Foreldra er i anna arbeid.

– Men slik har det alltid vore her. Gardane er så små at det alltid har vorte arbeidd ved sida av. Om det vert Dalsbygda på meg seinare veit eg ikkje lenger. Tida får vise.

Ingen trikk på «Goggen»
No ventar jobben i Oslo-gryta, og med den ein svart bil med eigen sjåfør.

– Det er jo rett og slett morosamt. Vi får ikkje reise kollektivt i Oslo. Her er eg oppvaksen i fjøsen, og så får eg ikkje lov til å opne mi eiga bildør. Det er jo pinleg. Nesten banalt. Sjåførselskapet seier at det er lettare å venne seg til det enn å venne seg av det. Det er vel noko med det. Det er ikkje berre enkelt å gje slepp på kontrollen over sitt eige liv. Det er andre som planlegg dagen for meg, syt for at eg får i meg mat og drikke, og at dei du skal møte møter opp og at bilen tek meg dit eg skal. Det er heilt absurd. Og litt artig. Det går helst bra, tenkjer eg.

– Statsministeren har gitt deg tilnamnet «Goggen». Er det noko som du ønskjer skal feste seg ved deg?

– Det er vel mest eit Oslo-fenomen. Kjært barn har mange namn. Eg har aldri vorte kalla det før, men det er sjølvsagt artig å få kallenamn av Erna. Men om folk held seg til Jon Georg lever eg godt med det også, altså.

Les heile saka i Møre-Nytt.