≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Jon Fosse, språk

Jon Fosse vinn Målprisen 2012

Noregs Mållag gir Målprisen 2012 til forfattaren og dramatikaren Jon Fosse.

Admin
måndag 30. april 2012 10.32

Jon Fosse vinn Målprisen 2012 Jon Fosse. Bilete: Ivar Aasen-tunet

– Det er med stor ære Noregs Mållag gjev Målprisen 2012 til den fremste representanten for nynorsk skriftkultur i dag: Jon Fosse, sa leiar Håvard B. Øvregård i Norsk Mållag då han delte ut prisen.

«Årets målpris går til ein person med ein rik produksjon og ei særmerkt røyst. Personen er frå Vestlandet, men det er eit heilt eige univers han tek oss inn i. Eit univers som gjev klangbotn over heile verda.», heiter det i grunngjevinga.

Jon Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen «Raudt, svart» i 1983, og han har med «Nokon kjem til å komme» (1996), «Ein sommars dag» (1998), «Draum om hausten» (1999) og «Eg er vinden» (2008) oppnådd stor internasjonal suksess.

Fosse er nynorsking, og han skjemst ikkje av det, tvert i mot: Eitt av dei mest kjende sitata frå Fosse handlar nettopp om det:

«Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det?»

Gjennom dette har han sett ord på det mange nynorskingar har kjent på, med dette sitatet har han synt at dei ikkje er åleine.

Les òg: Jon Fosse flyttar inn i Grotten

Tekstene frå Foss er omsett til over 40 språk, og skodespela er sett opp meir enn 700 gonger over heile verda.

Tidlegare vinnarar av Målprisen er treningseksperten Yngvar Andersen, Universitetet i Bergen, statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, leiar Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund og forfattar Olaug Nilssen.

Fosse var sjølv ikkje til stades under utdelinga i Oslo laurdag, og redaktør Cecilie Seinnes i Det Norske Samlaget tok imot prisen for han.

Les òg: Bokvår med Fosse og krim


Oppdatert: måndag 30. april 2012 11.25
Kommentarar 0



 
ANNONSE: