«Jeg skjønner ikke hva du sier, er det grautmål?»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eikemo og Kråkevik fekk Medaasprisen

Saka var først publisert i Nordhordland.

Søndag vart Eikemo og Herborg Kråkevik tildelt Medaasprisen for sin bruk av dialektane sine i kunsten.

For Jon Eikemo tok det lang tid før dialekten hans vart akseptert som ein del av kunsten sin, då han kom til Oslo på slutten av 1950-talet.

Då han utdanna seg til skodespelar fekk han ein dag eit brev heim i posten.

– Der fekk eg beskjed om å slutta om eg ikkje gjekk over til normalisert austnorsk, seier han.

LES OGSÅ: Medaasprisen til Kråkevik og Eikemo

Gjekk glipp av roller
Seinare meiner han at han gjekk glipp av fleire filmroller på grunn av dialektbruken.

– Nett etter at eg kom bort til Oslo var eg på prøvefilming, men så fort eg opna kjeften min, sa dei stopp-stopp, seier han.

Det skjedde fem-seks gonger.

– Eg høyrde aldri noko meir frå dei, legg han til.

Han seier det gjentok seg fleire gonger utover 60-talet og meiner austlendingane er jålete og nedlatande.

– Det er skapt eit klasseskilje i Noreg med språket, meiner han.

Han seier at det er mang ein gong folk har sagt til han på austnorsk «Jeg skjønner ikke hva du sier, er det grautmål?».

– Då har eg tatt tak i brystkassa på dei og rista dei og spurt: «Trur du mor di snakkar betre enn mor mi?» fortel han.

– Det er ikkje det at dei ikkje forstår det eg seier, men dei vil ikkje forstå, seier han.

No trur han det er meir akseptert å vera stril enn det var, og sjølv nyttar han stort sett alltid dialekten sin når han opptrer.

LES OGSÅ: Ein usannsynleg nynorskbrukar


Multitalentet Herborg Kråkevik fekk òg årets Medaaspris. 

– Ivar var ein stor mann
– Det er her Ivar Medaas kjem inn i bildet. Og eg. Me har vore med og gått opp den vegen for andre, seier han.

– Ivar var ein stor mann, ein opnar for strilemålet, seier han.

– Difor var det lettare for Herborg Kråkevik og Kenneth Sivertsen å opptre i si tid, meiner han.

Eikemo møtte Ivar Medaas fyrste gong i 1959 då dei opptredde på Heim for landsungdom i Nordahl Bruuns gate i Oslo.

Sidan så var dei gode kameratar som hadde masse moro i lag. Ikkje alt eignar seg på trykk. Eikemo fortel om nokre livlege snekketurar dei hadde.

– Korleis den snekka fann vegen heim att lurar eg på av og til, seier han og brummar.

Men det bør me ikkje snakka om i avisene, brummar han vidare.

– Ivaren var ein stor entertainer når han var i form, seier han.

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

– Ingen A4-mann
Men han legg ikkje skjul på at Medaas ikkje var nokon A4-mann. Og det meiner Eikemo er bra.

– Lever folk A4 får du ikkje noko anna enn A4. Det er ikkje kjekt å sjå på, seier han.

Eikemo var på besøk i Alversund fleire gonger.

– Siste gong eg såg han sat han i rullestol og han rulla forbi huset der foreldra hans budde. Eg skjønte det gjekk mot slutten då, seier han.

Herborg Kråkevik, den andre prisvinnaren seier at det å høyra målet sitt på radio og fjernsyn gjer at ein sjølv tenker at det er mogleg.

– Me har mykje å takka pionerverksemda deira for, seier ho til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Dette er Noregs verste dialekt

Herborg snakkar dansk
Ho seier at ein ting er å ta vare på dialekten sin, som er veldig viktig. Men det er og viktig å sjå utover og snakka fleire språk. Sjølv snakkar ho dansk heime i Danmark, noko andre nordmenn reagerer på.

– Det er komisk, men når eg snakkar dansk kjem nordmenn bort til meg og spør kvifor eg gjer det. Det er vel betre at eg gjer det enn å snakka engelsk, spør ho.

Men folk som knotar har ho ikkje noko til overs for.

– Knoting er grufullt, seier ho og smiler.

Faktaboks

Tidlegare vinnarar

2014: Salhusvinskvetten

2013: Claus Sellevoll

2012: Jan Eggum

2011: Fargespill

2010: Helge Jordal

2009: Øystein Sunde

2008: Olav Stedje

2007: Jan Arvid Johansen

2006: Arne Bøe (og Heimalanne’)

2005: Odd Nordstoga

2004: Inga prisutdeling

2003: Unni Løvlid

2002: Sturla Eide Sundli

2001: Linda Røyseth

2000: Linda Fosse Hagen

Kjelde: Medaasprisen