Jakta på den perfekte tarmfloraen

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vaskar vi oss sjuke?

Di meir siviliserte vi er, di meir vaskar vi oss. Samstundes brer allergi, overvekt, diabetes og depresjon seg utover Vesten. Er det ein samanheng? Vaskar vi oss sjuke? Stadig meir tarmforsking tyder på det.

Tarmforsking – for å vere meir presis forsking på korleis innhaldet i og arbeidet utført av tarmsystemet vårt påverkar resten av kroppen vår – er vel noko av det heitaste som finst innananfor medisinsk forsking for tida.

Eit utslag av interessa, både frå forskarar og meinige, er boka Sjarmen om tarmen. Om et av kroppens mest undervurderte organer, skriven av den 25 år gamle medisinaren Giulia Enders. Når boka kjem ut i Noreg no, er det eitt av 25 land ho vert lansert i. Berre i Tyskland har ho selt ein million eksemplar.

Enders byrjar med å fortelje at ho vart fødd med keisarsnitt og ikkje kunne ammast. Sytten år seinare fekk ho ein kraftig hudsjukdom: store sår over heile kroppen som utvortes handsaming ikkje greidde å få vekk. Ho byrja å lese om samanhengar i kroppen og sjå på sjukdomen som ein tarmsjukdom heller enn ein hudsjukdom, mellom anna på bakgrunn av at ho hadde gått på ein antibiotikakur rett før såra dukka opp fyrste gongen.

Det kjem neppe som noka overrasking at Giulia Enders ikkje lenger er dekt av sår. Derimot er ho blitt medisinar, forskar og forfattar med si eiga historie som døme: Det er ein nær samanheng mellom keisarsnitt, hudsjukdom, antibiotika og tarmhelse.

Og samanhengen stoggar ikkje der. Tarmane er det største organet vårt i utstrekning og er stappfulle av nervar. Dei påverkar hjernen vår. Hovudvegen går via vagusnerven frå magesekken, via mellom anna matrøyret, og til hjernen.

Via denne nerven har ein funne ut at tarmhelse påverkar humør og livslyst hjå mus. Ein har sett på kor lenge mus gidd å symje i ein vasstank. Depressive mus sym ikkje lenge. Dersom ein gjev dei bakteriar som er kjende for å stimulere til god tarmhelse, sym dei lenger – så lenge ein ikkje kuttar vagusnerven. Då forsvinn heile effekten. I somme land i Europa vert stimulering av denne nerven nytta som behandling mot depresjon.

LES OGSÅ:Flest bakteriar på mannekontor

Økosystemet vårt
Mennesket er eit økosystem, skriv Endens. Å halde seg frisk handlar om å halde oppe balansen i dette systemet. Berre så lenge vi ligg inne i magen til mor, er vi sterile. Dei fyrste bakteriane møter vi i fødselskanalen på veg ut – og dei er ikkje tilfeldig valde.

Mjølkesyrebakteriane langs denne vegen er dei fyrste bakteriane immunforsvaret vårt møter på. Den viktigaste oppgåva deira er å halde skadelege bakteriar unna medan vi ventar på antistoffa frå råmjølka til mor.

Born som er fødde med keisarsnitt og har fått morsmjølkerstatning, brukar lengre tid på å utvikle tarmfloraen sin, og har høgare risiko for å utvikle allergi, diabetes og ei rekkje andre helseproblem i løpet av livet.

Born som vert amma og fødde den «vanlege» vegen, har ein ferdig utvikla tarmflora når dei er kring tre år. Då har magen vår i stor grad funne ut kva han er god på å fordøye, kva han toler, og kva han absolutt ikkje vil ha.

Det tyder likevel ikkje at vi ikkje framleis kan påverke han, mellom anna gjennom kva vi et. God tarmhelse handlar både om det vesle krinslaupet inne i kroppen, og om det store krinslaupet mellom oss og resten av verda.

Meir primitive samfunn har jamt over ein sterkare og rikare tarmflora enn vi i Vesten. Ei av årsakene til det er ein breiare meny. Der forfedrane våre åt kring fem hundre lokale røter, urter og plantar jamleg, får vi brorparten av kaloriane våre frå sytten nytteplanter.

Det kan òg synast som vi har særleg mange «tjukkasbakteriar» i tarmfloraen vår. Dette er bakteriar som er altfor flinke til å nyttegjere seg karbohydrat. Dei slepper ingen forbi.

Overvektige menneske har generelt lågt mangfald i tarmfloraen sin. I tillegg finn ein ofte at dei har såkalla subkliniske infeksjonar: Små betennelsar som får kroppen til å tru at det er verre ting på veg, og at det difor er lurt å lagre feitt som om ein har styggen etter seg.

LES OGSÅ: Studie: Fleire vil dø av resistente bakteriar

Ta vare på tarmane
Kva skal vi gjere for å ta best mogleg vare på tarmsystemet og alle dei små gjestene våre? Ete mat som styrkjer dei gode bakteriane, sjølvsagt. Dei kallar forskarane for tida prebiotika, dei er stort sett grønsaker og har det felles at dei ikkje vert fullstendig brotne ned i verken magesekken eller tynntarmen.

Ved å overlate såkalla slaggstoff til tjukktarmen, favoriserer vi gode bakteriar som bur der. Døme på prebiotiske grønsaker er lauk, havre, rug, fullkornskveite, pastinakk og asparges.

Logisk nok, når vi har å gjere med gjester vi ynskjer skal bli verande, bør vi òg slutte å sjå på dei som fiendar. Meir enn 95 prosent av bakteriane som finst, er heilt harmlause. Dei greier ikkje å skade oss same kor mykje dei prøver.

At vi, sidan bakteriane vart oppdaga, har fått inntrykk av det motsette, heng mest saman med ein annan grunnleggjande føresetnad for vestleg livsstil: Katastrofar får mykje større plass enn dei fortener. Test deg sjølv: Kor mange skadelege bakteriar kjenner du namnet på? Kor mange nyttige?

Tanken om at det moderne Vesten er litt i overkant reinsleg av seg, er ikkje ny. Alt tjue år etter tuberkulosebakterien vart oppdaga, skildra nobelprisvinnaren Ilja Metsjnikov korleis bakteriane i mjølk syrna i skinnsekker var positive bidrag til helsa til bulgarske fjellbønder. Men oppdaginga kom til feil tid – samstundes med antibiotikaen som slo fast kven som var helt og kven som var skurk i historia for fleire tiår framover. Antibiotika bra, bakteriar dårleg.

I dag ser vi at antibiotika framleis er bra – men i høvelege mengder, og ikkje utan konsekvensar. Som at bakteriedreparen ikkje berre drep den sjukdomsfremjande bakterien vi har sett han til å utrydde, men òg tek med seg heile resten av den bakterielle tarmfloraen vår.

LES OGSÅ:Større smittefare på storbruk?

Hygienehypotesen
I nyare tid, nærare bestemt 1989, lanserte den engelske forskaren David Strachan hygienehypotesen. Den gjekk i korte trekk ut på at allergiepidemien i Vesten var ein konsekvens av at vi hadde mindre kontakt med naturen, samstundes som vi var altfor opptekne av reinsemd. Den tyske forskaren Erika von Mutius tok hypotesen vidare ved mellom anna å måle talet på bakteriar i fjøsmiljø og i urbane husvære og fann samanheng mellom tal bakteriar dei to stadene – men med den skilnaden at konsentrasjonen av enkeltbakteriar var monaleg mykje høgare i husværa. Med andre ord: høgare smittepress.

Teorien var kontroversiell, og det var – og er framleis – skepsis mot å oppfordre folk til å vere mindre reinslege. Men prinsippet har fått sin aksept og von Mutius sine prisar – mellom anna Tysklands mest ettertrakta forskingspris, Leitzer-prisen, i 2013.

LES OGSÅ: Det femte nobel-ekteparet

Et meir jord
Karelia-området går på tvers av riksgrensa mellom Finland og Russland, ei grense som òg har flytta på seg opp gjennom tida. Likevel fann forskarar fire gonger så mykje atopi (medfødd risiko for allergiske reaksjonar) og atopisk eksem blant finske som russiske born.

Forskingsundersøkinga vart gjord på 816 finske og russiske born og presentert i artikkelen «Veksande ulikskapar i atopi mellom finnane og russarane: ei samanlikning av to generasjonar» i 2006. Også mødrene deira vart testa. Her var skilnadene mindre – medan det vert monaleg meir allergi på finsk side, er det nærast ikkje vekst i Russland.

Forskarane ynskte å gjere noko med allergisituasjonen på finsk side. Medisinarane byrja å jobbe saman med økologar, med to mål: å auke det biologiske mangfaldet og å få folk meir ut i naturen. Gå tur på sti, ikkje på veg. Bærplukkarar vart plasserte nærast kassane i butikkane med bodskapen til barnefamiliar om å hauste mat i skogen.

Sjølv om skogen òg er ein del av problemet: Store delar av skogen i denne delen av Finland er planta og består av nærast berre bjørk. Den dominerande allergiske reaksjonen i området er mot bjørkepollen.

Difor jobbar ein for å få fleire artar inn i kulturlandskapet i Finland.

Ein annan skilnad mellom Russland og Finland er at medan finnane får drikkevatnet sitt reinsa og filtrert, drikk russarar framleis frå brønnar og bekker. Det bør finnane òg byrje å gjere, meiner forskarane.

Teksta var først publisert i Dag og Tid.