Iskrem med Aasensk sus

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg starta opp eitt hakk over det ein vanlegvis gjer, fortel Ole Morten Høiland, som saman med kona Grete investerte kring 400.000 i ismaskin og fryseskåp.

Det er om lag åtte år sidan no. Før det hadde han bestemt seg for at han ville gjere noko meir med mjølka på garden, enn å berre sende ho bort. Lokal ost vart allereie produsert i nærleiken, så då fall valet på is. Iskremgarden på Vigrestad vart fødd.

Om lag ein femtedel av mjølka frå dei kring 50 kyra på garden vert til kalde freistingar. Ja, mjølka vert faktisk pumpa inn nesten rett frå fjosen. Inn i tankar der det vert blanda med dei andre ingrediensane, som skummamjølkpulver og druesukker, og kjølt ned, før det vert frose heilt i fryseskåpet. Siste steg er å tappe isen på boks.

Og det er ikkje fritt for at lokalmiljøet er stolte. I 2009 fekk iskrembøndene Vigrestadstjerna, for å ha profilert jærbygda på ein flott måte. Glastrofeet står i stova.

LES OGSÅ: Mindre enn 40 prosent av maten vår er norsk

Google-hjelp
Før isen vart til sat bonden og Googla iskremoppskrifter. Han kjøpte inn bøker og leste seg opp. Byrja å eksperimentere med ein liten ismaskin på kjøkenbenken. Målet var å finne ei basisblanding som hadde ideell smak og konsistens.

– Det er viktig å vere nøyaktig og skrive ned både mål og rekkjefølgje. Elles er ein like langt om ein gløymer kva ein har gjort, og då har ein berre brukt tid, forklarar iskremmakaren.

Familiemedlemmer vart henta inn som testpanel, og til slutt vart oppskrifta eit snitt av dei to mest populære blandingane.

LES OGSÅ: Årets øl-innovasjon frå Voss

Jordnær nynorsk
Sidan den gong har Iskremgarden gjort suksess med nynorsk is. Iskremgarden sin is vert seld i heimfylket Rogaland, i tillegg til at dei leverer is til restaurantar og for gourmetmerket Jacobs, som er eigd av Norgesgruppen, over heile landet.

At produsentane valde eit nynorsk namn og nynorsk promotering av produktet sitt, er eit resultat av råd frå designbyrået, som tok seg av utforminga av merkevaren. Dei meinte at det ville hjelpe dei å skilje seg ut i mengda.

Grete Waldeland Høiland er einig i at nynorsk var eit naturleg val, sidan det er målforma der dei held til. Garden deira på Waldeland har tilhøyrt onkelen hennar.

– Eg tykkjer nynorsk er litt jordnært og folkeleg.

– Ja, det er eit Aasensk sus over den, smiler bonden.

LES OGSÅ: Kæ seie bonden? har blitt ein hit

Is på tunet
Bondeparet, som er i byrjinga av tredveåra, sit i stova heime på garden. Tre ungar sullar med sitt og det er iskrem på bordet.

– Folk har vorte skuffa fordi dei ikkje får is, fortel ekteparet, som ikkje vil presse det på folk.

For dei er is arbeid, men barnehagen til minstemann har vore heldige og fått ei omvising.

Isen kjem frå rett over tunet, der maskinane har vorte enda større. Men to ismaskinar som rommar 600 liter kvar er framleis lite samanlikna med andre produsentar.

 – Du tykte vel det var litt keisamt å berre vere bonde, seier Grete, som tek seg av mykje av faktureringa for isen.

– Så vart du litt overraska over kor mykje papirarbeid det var.

LES OGSÅ:Brubyggjar i matkulturen

Jordskokkis
I tillegg til dei to, har dei ein person tilsett i seksti prosent i produksjonen.

Den siste tilsette flytta inn i gamlehuset for nokre år sidan, og sidan ho hadde erfaring frå matbransjen passa det ekstra godt.

Kor mykje is som vert produsert varierer med etterspurnaden, det betyr at arbeidsmengda ikkje er heilt føreseieleg. Oftast produserer dei ein eller to omgangar med 1800 liter is i veka. Ein dag går til å lage isen, ein til å tappe.

Smakane er tradisjonelle: jordbær, sjokolade, karamell, peanøtt med karamell, sjokolade, kjeks og krem og crème brûlée.

Men dei har òg prøvd seg fram med smakar som: kaffi, lakris, tiramisu, ostekake og sitron.

Den mest utradisjonelle isen dei har laga er jordskokkis. Ein produsent av jordskokk ville teste nye bruksområdet for produktet sitt, og bestilte is med jordskokksmak. Det var ingen suksess, og lukta sat i lenge etterpå.

– Det er nok den mest spesielle jobben me har att, slår Ole Morten fast.

Mormor i produksjonen
Eit anna oppdrag isprodusentane har teke på seg var å produsere små isbeger med Statoil sin logo på, då dei i 2009 fekk den rosa stjerna. Det var gode pengar, men mykje jobb. 15.000 beger is skulle produserast på få dagar. Klisteret til dei rosa stjernene kom seint og vener og kjente måtte trø til på dugnad.

– Til og med mormor var i sving, fortel Grete.

Og det er nok ikkje tilfeldig at det vart nettopp på denne garden at mjølka vart til iskrem. Bøndene er opne for nye ting og Ole Morten har til og med prøvd ut is med tacosmak. Det gjer han ikkje igjen.

No er dei i gong med eit nytt prosjekt, utan hjelp frå kyrne. Dei er i sving med å prøve ut sorbé. Det er òg is, men med heilt andre råvarer vert det mykje nytt å lære seg.

Denne iskremkua går sjølv til ei maskin som mjølkar ho.