Isbøtte-aktivisme har finansiert ALS-gjennombrott

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Isbøtter førte til ALS-gjennombrott

Hugsar du då alle frå Justin Timberlake til ordføraren og journalisten i lokalavisa di blei filma medan dei fekk ei bøtte med isvatn tømt over hovudet?

«Isbøtte-utfordringa» gjekk som ein farsott sommaren 2014, og var del av ein kampanje for å skaffa pengar til forsking på nervesjukdomen amyotrofisk lateralsklerose (ALS). No seier den amerikanske ALS-foreininga at pengane dei samla inn gjennom kampanjen har finansiert eit forskingsgjennombrott, ifølgje ein artikkel i The Guardian.

Les også om forskinga som viser at kanel kan få deg til å læra betre


Den norske spelkommentatoren og videobloggaren Pondern tar isbøtteutfordringa og oppfodrar sjåarane til å donera til ALS-forsking i denne Youtube-filmen frå august 2014.

Ei rekkje internasjonale kjendisar tok isbøtteutfordringa og delte videobevis. Time.com samla dei 27 beste.

ALS råkar motoriske nerveceller i ryggmargen og hjernen, og fører til muskelsvinn. I USA blir sjukdomen også kalla «Lou Gehrig’s disease», etter ein kjent baseballspelar som fekk sjukdomen i 1939. Forskaren og forfattaren Stephen Hawking blei diagnostisert med sjukdomen som 21-åring. Det finst i dag ingen kur mot ALS.

På ein månad samla isbøtte-kampanjen meir enn 100 millionar amerikanske dollar, som har gått til ulike forskingsprosjekt. Eitt av desse, Project MinE, har no ført til oppdaginga av eit nytt gen som forskarane meiner kan gi ei betre forståing av ALS og hjelpa dei med å finna ein måte å behandla sjukdomen.

Funnet er skildra i ein artikkel i tidsskriftet Nature Genetics. 80 forskarar frå 11 land står bak studien. I intervju med The Guardian omtalar Brian Fredericks frå ALS Association funnet som eit viktig gjennombrott.

Ikkje like god sommarstemning, men: Les om studien som viser at alkohol kan føra til minst sju kreftformer