– Internett gir leseskilnad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Wenke Mork Rogne. 38-åringen jobbar på Høgskulen i Volda som førsteamanuensis på seksjon for norsk i lærarutdanninga. 14. november i år forsvarte ho ei doktorgradsavhandling etter å ha studert elevar medan dei las, og kva dei hadde oppfatta frå tekstane etterpå.

Arbeider

Eit mål med avhandlinga var å undersøkje korleis elevar i sjuande klasse arbeider med multiple, delvis motstridande tekstar. Interessa for leseopplæring vart vekt allereie då ho jobba som lærar og såg korleis elevar sleit med å forstå det dei las.

– Eit anna mål med oppgåva var å finne ut i kva grad det finst samanheng mellom leseprosessen til elevane, og kva dei legg vekt på i samanfatningane av dei tekstane dei har lese, seier Mork Rogne.

Tidlegare studiar som undersøkjer multippel tekstlesing har vore opptekne av historiefaget og naturvitskap hjå eldre elevar på vidaregåande skule og på universitetsnivå. Mork Rogne har no fylt eit tomrom med avhandlinga si.

Deltakarar var 30 elevar i sjuande klasse. Datainnsamlinga gjekk føre seg på fire ulike skular på Nordvestlandet. Temaet for tekstane var ei trafikkulykke. Tekstane vart lesne på skjerm og presentert ulike stader på nett.

Gjennomføring

Undersøkinga vart gjort i tre fasar. I den første fasen samla forskaren inn ordavkodingstestar, spørjeskjema om fritidslesing og nasjonale prøver. Dette er kvantitative data, eller data som kan teljast. I tillegg vart høgttenking gjennomført med elevane. Elevane skal då tenkje høgt etter at dei har lest ei setning.

– Fordelen med denne metoden er å gi forskaren moglegheit til å følgje leseprosessen til elevane, eller kva dei uttrykkjer at dei tenkjer gjennom lesinga.

I den tredje fasen intervjua Mork Rogne dei 30 elevane om kva dei hadde lese. Dei kvantitative og kvalitative data vart kvantifisert og kopla saman. I tillegg vart det valt ut to elevar som hadde skåra høgt på leseprøvene (ordavkodingstest og nasjonale prøver), og to elevar som skåra lågt på dei same prøvene.

Resultat

Resultata viser at det finst visse skilnader på korleis lesarar med høg og låg lesekunne les multiple tekstar og korleis dei legg vekt på sentral og motstridande informasjon i samanfatningane.

– Elevar med låg lesekunne repeterte tekstinnhaldet, medan lesarane med høg lesekunne hadde fleire utdjupingar og evalueringar gjennom lesinga.

Utifrå desse resultata konkluderer Mork Rogne med at lesing av multiple tekstar kan leie til ei djupare forståing for elevar med gode leseferdigheiter, men at lesing av multiple tekstar på skjerm er meir krevjande lesing for lesarar med låg lesekunne, enn andre.

Samband

– Vidare finst det eit positivt samband mellom gode leseferdigheiter og kor mykje sentral informasjon dei får med i oppsummeringane sine.

Resultata indikerer også eit samband mellom gode resultat på dei nasjonale prøvene og evne til å konstruere ei lingsskapsforståing av dei ulike tekstane.

– Dei elevane som les mykje på Internett ser ut til å slite meir med å samanfatte tekstane enn andre elevar, konkluderer Wenke Mork Rogne.

Ho er oppteken av å utvikle eit fagspråk gjennom doktorgraden på hovudmålet hennar som er nynorsk.

Les saka i Møre-Nytt!