Internasjonal interesse for dataspel-studium i Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar frå heile verda vil til dataspel-skule

– Vi er dessverre nøydde å avvise desse elevane frå andre land i verda, seier realfagslærar Petter Johnstad ved skulen til Bygdanytt.

Skulen er den første i Noreg som tilbyr dataspel som konkurranseform som del av den generelle studiekompetansen. Etter ei avstemming på skulen er det bestemt at det nye faget, som har fått namnet e-sport, i første omgang skal satse på spela Counterstrike og League of Legends. Som Framtida.no tidlegare har nemnd er e-sport allereie er svært populært tilbod ved fleire norske folkehøgskular.

LES OGSÅ: Professor: – La elevane få spela

– Det er dei to største spela i e-sport-miljøet i Noreg i dag. Dei skilde seg klart ut på vår undersøking som dei to mest etterspurde spela, seier Johnstad.

Ifølge Johnstad er det mange håpefulle elevar frå Asia, Europa og Amerika som ønskjer seg skuleplass på Garnes til hausten. Mange av dei tar kontakt via Facebook. Éin av dei er i Jakob Fichtner (20) frå Tsjekkia:

– Om eg hadde sjansen til å gå på denne skulen, ville eg gjort det. Eg synest det er verkeleg trist at eg ikkje kan søke. Skulen må jo tape på det ved ikkje å ta inn internasjonale studentar. Eg frå Tsjekkia er villig til å bu og studere i kalde Noreg, seier han til Bygdanytt. (©NPK)

LES OGSÅ: Amalie Marie kan tena 50.000 i månaden på å spela data