Ingunn Solheim får nynorskpris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.

– Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Ingunn Solheim har som programleiar med eit ledig, men trygt handgrep, losa sjåarane gjennom to val. Ho var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka, der ho nytta kunnskapane sine både som jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest, seier leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, i ei pressemelding.

Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn.

Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 27. juni. (©NPK)

LES OGSÅ: Solheim fekk Kringkastingsprisen