Ingen veit kvifor blåskjela forsvinn

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste seks åra har det stadig kome meldingar til Havforskingsinstituttet om blåskjel som er blitt borte – frå plassar der dei «alltid» har vore. Dette skjer langs heile kysten, frå svenskegrensa til Finnmark, noko som vart omtalt i fleire norske medium i fjor haust.

Teori om miljøgifter
No har Havforskingsinstituttet undersøkt saka nærare.

– Vi bestemte oss for å undersøkje og systematisere meldingane, for å sjå om det var fellestrekk, som kunne vise til ei årsak til at dette skjer, fortel forskar Tore Strohmeier.

Forskarane hadde fleire hypotesar til kvifor lokale blåskjelbestandar forsvann, som næringsverksemd, temperaturendringar i havet eller miljøgifter. Men det var ingen klare fellestrekk som peika seg ut.

Nokre av rapportane viste at skjela har døydd akutt. Det kan tyde på at det i nokre av tilfella kan vere sjukdom som er årsaka til at skjela forsvinn.

Nyleg vart to prøvar frå bestandar der blåskjel døydde akutt, undersøkte av forskarane. Men ein fann ikkje noko klar årsak til kvifor skjela døydde.

LES OGSÅ: CO2 forsurar livet til havdyra

Parasittar
Parasitten Marteilia refringens er derimot funnen i blåskjel på Bømlo i Hordaland. Denne parasittsjukdommen har aldri før blitt påvist i Noreg. Skjel som er smitta av parasitten kan døy av avmagring og skadar i fordøyingssystemet.

– I blåskjel vi har samla inn frå andre område langs kysten har vi så langt ikkje påvist denne parasitten, seier seniorforskar Stein Mortensen.

– Men parasitten kan vera ei av fleire årsaker til at blåskjela døyr.

I det vidare arbeidet vil forskarane finne ut kor utbreidd parasitten Marteilia refringens faktisk er langs norskekysten. Både ville bestandar og dyrka blåskjel vil bli undersøkte.

LES OGSÅ: Fiske kan redda oss – og øydeleggja hav