Ingen samanheng mellom bruk av Facebook og depresjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje deprimert av Facebook

Det er forskarar frå Universitetet i Wisconsin som har undersøkt nettbruken til ungdommar mellom 18-23 år. Forskingsrapporten kom fram til at det ikkje var nokon samanheng mellom bruken av sosiale medium og risiko for å utvikle klinisk depresjon.

LES OGSÅ: Foreldre er uforsiktige på Facebook

På verdstoppen
Sjølv om bruken av Facebook er i ferd med å flate ut, så har tidlegare undersøkingar frå TNS Gallup likevel vist at Noreg er på verdstoppen i bruk av nettstaden.

Mange foreldre og forskarar har difor uttrykt uro for kva konsekvensane kan bli, når dei unge brukar så mykje av tida si på nett. Forskning har tidlegare vist at bruk av Facebook kan gi eit urealistisk positivt bilete av kor fint venar og kjente har det, fordi det berre er framsida av gullmedaljen som vert presentert. Særleg kan dette råke dei som allereie har låg sjølvkjensle frå før.

Ingen ”facebook-depresjon”
Nettbruken til dei 190 deltakarane i undersøkinga frå Wisconsin-universitetet vart observert over ei periode på ei veke, og dei måtte svare på nettbaserte spørjeskjema.

Resultatet var einstydig, og gav forskarane høve til å tilbakevise at det skal vere noko som heiter ”facebook-depresjon”, eit klinisk omgrep som har vore i bruk i tidlegare forskingssamanhengar.

 

Er du avhengig av facebook? Ta testen her!