– Industrien sparar både pengar og miljøet ved å bruke mindre straum

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei kvite stripene av stein som du ser på tur i fjellet kan bli til muffinsformer i silikon, seier Bård Sve Wallentinsen (28).

Framtida.no møter maskiningeniøren til ein prat på hovudkontoret til Elkem. Firmaet produserer silisium til stålproduksjon og solcellepanel, samt til forbruksvarer som mobiltelefonar, gebiss, bakematter og medisinske plaster.

– Det er litt silisium i nesten alt, seier Wallentinsen, som snart er halvvegs i ein toårig trainee-periode i bedrifta.

Frå smelteverk til kontor
I haust og vinter arbeidde 28-åringen på verket Elkem Thamshavn i Orkanger, sør for Trondheim, der han mellom anna hadde tre veker med hands-on skiftarbeid på smelteverket.

– Traineeordninga er veldig kjekk, og eit nokså unikt opplegg. Vi får tett oppfølging og fagleg relevant opplæring i ulike delar av bedrifta, seier Wallentinsen.

No sit han på kontor og les om ulike forskingsprosjekt som skal redusere utslepp og energikostnad frå smelteverka.

Matte i alt
Då bergensaren starta på NTNU i Trondheim for snart ni år sidan begynte han med matte og fysikk.

– Det som det ikkje er bilete av i brosjyrane for sivilingeniørstudiet, er at det er store mengdar teoretisk matematikk. Men no ser eg verdien i det. Det er elegant og vakkert at alt heng saman, seier Wallentinsen.

Tre år seinare bytta han frå fysikk til produktutvikling og produksjon (kalla maskiningeniør) og fekk lære å dreie, sveise og frese som ein del av utdanninga. Han las om prosessane som styrer vind, vatn og varme, og oppdaga at matematikken gav meining på tvers av ulike tema og område.

At alt heng saman på tvers, gjer også at Wallentinsen og medstudentane hans har fått jobb i svært ulike bransjar etter avsluttande eksamen.

– Dei aller fleste arbeider med andre ting enn det dei gjorde i masteren, fortel Wallentinsen, og trekk fram at det han og andre ingeniørar kan, er å vere flinke til å lære.

SilisiumWallentinsenAEikenesWeb
Kvarts (til venstre) vert blanda med kol i ein stor ovn som held over 1800 grader, der steinen vert omdanna til silisium (høgre). Foto: Åsmund H. Eikenes

Industri og miljø
Talent for å lære og forstå komplekse prosessar kjem mellom anna til nytte når Wallentinsen skal bidra til miljø- og energieffektivisering av smelteverka, som treng svært mykje straum.

I følgje SSB nytta norsk industri og bergverk 66 TWh (milliardar kilowattimar) energi i 2015, over halvparten av dette frå straum. Transportsektoren nytta til samanlikning 58 TWh, men då nesten ingenting frå straum.

For at norsk industri skal vere konkurransedyktig internasjonalt, må den vere energieffektiv og tape minimalt med straum og råvarer undervegs i prosessen.

– Industrien sparar både pengar og miljøet ved å bruke mindre straum, forklarar ingeniøren.

Han trekk fram to ulike satsingar: Erstatte fossilt brensel med fornybart biokol, og attvinning av overskotsvarme i røyken frå forbrenninga.

– Det er mogleg å vinne att om lag ein tredel av av energien i røyken frå forbrenninga, mellom anna ved å omforme den til damp og så lage straum med ein dampturbin, forklarar ingeniøren.

Berekraftig og fornybar
I 2017 har Forskingsrådet støtta Elkem med over 40 millioner kroner til seks forskingsprosjekt som på ulikt vis skal forsøke å gjere norsk industri fornybar og gi såkalla «grøn vekst» fram mot 2050.

Wallentinsen skal arbeide med eitt av prosjekta, kalla PyrOpt, som omhandlar å erstatte det fossile brenselet med berekraftig biokol.

Han understrekar at regjeringa si satsing på ein fornybar, norsk industri er eit viktig signal til framtidige arbeidstakarar som ønsker å arbeide med å skape verdiar for samfunnet.

– Vi vil bli betre på miljø og energi. Det er ein viktig motivasjonsfaktor for meg, avsluttar han. 

LES OGSÅ: Han styrer robotane som sorterer 80 000 liter mjølk i timen


Systemingeniør Knut F. Henriksen framføre roboten kalla ORM. Her vert blåbretta sendt til oppsamling. Foto: Åsmund H. Eikenes