«Ikkje tru på alt du tenkjer»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Poesi på do

 Artikkelen var først hos Studvest, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Treg mage. Snart hastar det om du skal rekka tilbake til starten på andre del av forelesinga. Du pressar og pressa, men det einaste resultatet er at du får ein «Per Sandberg er ein middels heit debatt»-raudfarge i ansiktet. Du sender ein fortvila selfie/sjølvi til dei få du kan dela smerten med i denne drit-situasjonen. Så innser du at det er for seint. Du kan like godt drita i å prøva å rekka det – tidspresset er det einaste presset du kjem til å bli kvitt med det første. I staden let du tankane vandra. Etter ei stund innser du kor gode desse tankane faktisk er. At dei er alt for gode til at du skal vera den einaste som får tenka på dei.

Du finn fram tusjen du har i lomma, bøyger deg fram, og skriblar dei ned.

LES OGSÅ: Blir Fifty Shades meir sexy med lego?

«Rate your shit with a movie title»
Resultatet av dette er fenomenet dodørspoesi. Denne poesiforma er å finna p dei fleste toalett på Nygårdshøyden, sjølv om reinhaldarane gjer tapre forsøk på å vaska dei vekk.

Til dømes kan ein på gutedoen i andre etasje på Sysneshaugen skule, mellom 38 andre filmtitlar, sjå Blood Diamond, «Frihetens regn» og «The Curse of the Black Pearl» pryda dodøra under oppmodinga: «Rate your shit with a movie title»

LES OGSÅ: Denne annonsen vart for drøy for Facebook

Pensumpoesi
Alle bidreg ikkje like aktivt til doveggkulturen, men også dei som berre er passive lesarar har glede av den.

– Det er jo ikkje så mykje som skjer når ein sit på do, så då er det jo fint å ha noko å lesa på, seier Ola Weel Skram.

Han tykkjer at dodørspoesien vitnar om at universitetsstudentane har utvikla seg mykje sidan dei skreiv hjerter med namn i på ungdomsskuletoaletta. Sampol-studenten får større frå kameraten Jeppe Bucher, som påpeiker at skribleria ofte er akademiske.

– Men eg har framleis til gode å få noko forklart på ein dovegg som eg ikkje forsto då eg las pensum, seier Bucher med eit smil.

LES OGSÅ: Ikkje gravalvorleg poesi

– Sidan tidenes morgon
Sjølv om ein kan finna mykje fagstoff på toaletta til Nygårdhøyden, er dei heller ikkje frie for avførings- og sexrelatert tematikk. Det er ikkje noko nytt, i følgje litteraturprofessor Eirik Vassenden.

– Me menneskjer har alltid vore opptekne av drit, piss og kjønnsorgan. Me treng ikkje å sjå lenger enn til runepinnane frå middelalderen som vart funne på Bryggen for å få bekrefta det.

Blant runepinnane Vassenden snakkar om finst det til dømes éin der det står «Jon Silkefitte eig meg, Guttorm Fittesleiker rista meg og Jon Fittekule tyder meg». Vassenden trur anonymiteten spelte ei stor rolle for kva middelaldermenneska lira av seg.

– Ein brukar gjerne desse foruma til å uttrykka ting ein ikkje kunne sagt i ein stor forsamling, gjerne tabu-tema som sex og avføring.

Litteraturprofessoren trur den same mekanismen spelar inn hos den gjennomsnittlege dopoet. I tillegg held han ein knapp på at dogjerninga sin natur har mykje å sei for kva tema som blir delt i avlukka sine skitne avkrokar.

– Som i anna kunst, om dette faktisk kan kallast kunst, blir doskribleria prega av arenaen dei blir utforma i. Dritt og piss er jo det som er mest nærliggande når ein sit der.

Vidare trur Vassenden òg at lesesalpoesien, dodørpoesien sin nære slektning, blir påverka av kunstaren sin sinnstemning.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

– Er ikkje åleine
I gangen på Sydneshaugen skule sit Mons Jakobsen og Mathias Jesman Sunde, som har tatt lunsjpause frå lesinga. Dei bekreftar at mykje av det som blir skrive på pultane gir eit bilete på kva den som skreiv må ha følt om å sitta på lesesalen akkurat der og då.

– Det er mange folk som er lei av å lesa. Eg har sett mange hatmeldingar mot bestemte fag, fortel Sunde.

Jacobsen har sett mykje av det same, men klarar å finna noko positivt i det.

– Det er fint å vita at du ikkje er åleine! Tenk om det berre hadde vore meg som har det så keisamt når eg leser.

LES OGSÅ: Nynorsk skriveglede på Twitter

«HF = No future»
I tillegg til å retta seg mot sin eigen situasjon, finst det nokon lesesalspoetar som rettar seg direkte til lesaren. «Eksamen går fint, ta det med ro», «Du har vore flink, det er på tide å reisa heim no» og «MET102 varar ikkje evig» er utan tvil meint som oppmuntring til den som leser det.

Om intensjonen fungerer like godt i praksis, er NHH-student Jakobsen usikker på.

– I ein svak augneblink kunne eg nok funne på å gått heim om eg vart oppmoda til det av det som står på pulten min, seier Jakobsen.

Som for å vega opp for positiviteten, som openbart ikkje høyrer heime på ein lesesal, finst det nok av forsøk på å knekka moralen til ein stakkars student på slutten av ein lang dag: «Du klarar det ikkje. Gi opp. Livet ditt er eit svart hol», «ikkje tru på alt du tenkjer» og «HF = No future» (som passande nok er å finna på Sydneshaugen) er berre nokre av meldingane du kan møta om du setter deg ned ved feil pult.

LES OGSÅ: Tabu å velja yrkesretta

To tiår på ein stad
Dodørs- og lesesalspoesien lever sjeldant evig. Som litteraturprofessor Vassenden seier det:

– Dodørspoesien si ufråvikelege skjebne er møtet med skurekluten.

Likevel verkar det å vera eitt toalett på Nygårdshøyden der reinhaldspersonalet for lenge sidan har innsett at kampen ikkje kan vinnast. På herretoalettet i Allégaten 66 er veggane inne i båsane nedskribla på ein måte som ville gjort kva kommentatorfelttroll som helst grøn av sjalusi.

I ein av båsane står mellom anna «Ja til ein levande doveggkultur» signert med initiala O.J. Det verkar som om O.J. har fått ønsket sitt oppfylt: I nabobåsen er det mange datosignerte skriblingar, der det tidlegaste er ei utgreiing om kvifor Noreg ikkje bør bli medlem av EU i 1994, og det nyaste er den enkle «Vetta faen jeg» frå 14. januar i år.

To tiår av Universitetet i Bergen si dodørspoesiarv er samla på ein stad, og det virkar ikkje som om den kjem til å forsvinna med det første. Så om du bestemte deg for å drita i forelesinga, for så å bli skuffa innsjå at dine eigne kloke ord har blitt vaska vekk nokre få veker seinare av ei vaskedame utan forståing for kva som er kunst og ikkje: I Allégaten 66 er det enno håp.

LES OGSÅ: Det er di skuld!