«Ikkje privatiser språket»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kronikken har stått på trykk i Klassekampen.

I Noreg har vi tradisjon for at språknormering er ei offentleg oppgåve. Ivar Aasens landsmål oppstod som ein motreaksjon mot at dei lærde mennene i byen skulle styre språket etter sin «dannede dagligtale». 

På 1900-talet var det slik at både bokmål og nynorsk blei normert under politisk styring. Frå 1951 har det organet som nå heiter Språkrådet, tatt seg av denne oppgåva. I breie kretsar utanom Riksmålsforbundet har dette vore akseptert; dei to språka er jo noko vi eig i fellesskap.

Nå kan dette bli endra. Utan at det har fått stor merksemd, har partiet Høgre lansert eit programutkast som kan komme til å vrake denne ordninga. Partiet vil «Vurdere om språknormeringen for bokmål og nynorsk skal flyttes ut av Språkrådet.»

I eit intervju med Framtida.no blir formuleringa forsvart av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som også leier programarbeidet i Høgre. Han peikar på at mange andre land ikkje har offentlege organ som driv med språknormering, men private institusjonar som akademi og liknande. Synspunktet går ut på at i og med at samnorsktanken har blitt lagt bort, så kan det å flytte normeringa ut av Språkrådet gjere at både bokmål og nynorsk får eit tydelegare særpreg i framtida.

Les meir om Høgre-forslaget her: Språkrådet kan mista rettskrivingsansvar

Forslaget om å vengestekke Språkrådet går godt i hop med Høgres politikk på mange andre felt: Det beste resultatet for samfunnet som heilskap får ein ved at Staten ikkje får halde si klamme hand på alt mogleg. Motstandarane vil hevde at det offentlege bør ha kontroll med ei så viktig sider av kulturlivet som språket. 

Ein kan forstå tanken bak, men temmeleg paradoksalt blir framlegget når ein tenker på kva domene denne rettskrivinga skal gjelde på i tillegg til å vere rettesnor for dei som vil skrive «korrekt norsk». Det er tre slike domene: Statleg forvaltning, skoleverket (norskfaget, språket i lærebøker og andre læremiddel) og NRK. Alle desse domena ligg innanfor offentleg sektor. At private skal fastsette regelverk som berre har direkte verknad i det offentlege, vil mildt sagt vere pussig.

LES OGSÅ: Finn-Erik Vinje rasar mot «Østfold-L» i barne-TV

Det er òg slik at ingen av dei to nemnde institusjonane passar til å drive normering når det gjeld struktur og ansvar. Nynorsk kultursentrum er ei stifting og har i prinsippet ingen eigarar eller medlemmer å stå til ansvar for. Akademiet tar berre opp nye medlemmer ved sjølvsupplering, ikkje nett ein demokratisk organisasjonsmodell. 

I tillegg er det slik at dersom normeringa blir fjerna frå Språkrådet, blir det alvorleg for sjølve Språkrådet som organ. Eit Språkråd utan normeringsansvar vil vere eit lite potent Språkråd med redusert tyngd når det skal stille som «statens fagorgan i språksaker». Om Språkrådet mistar normeringsansvaret, er det stor fare for at heile Språkrådet blir demontert, og dessverre er det ikkje vanskeleg å tenke seg at eit slikt utfall ville passe dei nåverande regjeringspartia bra.

LES OGSÅ: Høgre føreslår å fjerna sidemålskarakteren

Det største ankepunktet mot ei endring av normeringsordninga er likevel at om framlegget til Høgre får gjennomslag, så vil Noreg forlate det demokratiske idealet som har styrt politikken her til lands til nå. I dag går arbeidet i Språkrådet føre seg på demokratisk vis ved at det blir gjort av fagfolk og i siste instans godkjent av Stortinget. Slik får også normeringa stor legitimitet. 

Den einaste parten som ønsker å privatisere normeringa, er den konservative sida av bokmålet. Det er lett å tenke at nettopp her ser Høgre ei moglegheit til å påverke den dominerande norske målforma i ei retning som Høgre ser på som «naturleg», men som i praksis vil bli styrt av ei gruppe menneske som er svært lite representative for bokmålsbrukarar flest.

LES OGSÅ: Er norsk eitt eller to språk?

Som leiar av Noregs Mållag vil eg seie at essensen i det nynorske skriftspråket nett er at det bygger på eit demokratisk språksyn og ikkje på noko vis passar til å bli eit eliteprosjekt når det gjeld normering. Vi er glade for at Nynorsk kultursentrum har takka nei til idéen, og vi i Noregs Mållag vil heller ikkje ha dette normeringsansvaret sjølv. Og da bør bokmål og nynorsk behandlast likt – i eit offentleg Språkråd, som nå.

Språka er vår aller fremste immaterielle kulturarv, og vi kan ikkje la denne skatten gå over til private hender.