≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Bokmelding, Erlend Flornes Skaret

Ikkje-meininga med livet

BOKMELDING: «Erlend Flornes Skaret har lukkast med å finne sin eigen stil, sin måte å skrive på, og berre det i seg sjølv gjer at Nomade er ein roman som er verdt å lese.»

Øivind Nygård, Magasinett
onsdag 7. desember 2016 08.57

Ikkje-meininga med livet Erlend Flornes Skaret (40) er utdanna sivilingeniør, og debuterte i 2011 med boka Wrocław. Nomade er den tredje boka hans på Samlaget. Foto: Espen Santosh Meling

Kva er det som gjer at ein kvar morgon vel å stå opp? At ein forlét senga, et frukost og går på jobb? For eg-personen i Erlend Flornes Skarets roman Nomade er ikkje dette berre teoretiske spørsmål, det er noko som kjennest på kroppen. Manglar ein både indre driv og ytre plikt, sit ein berre igjen med den tomme, trykkande vanen. Til slutt blir det umogleg å halde det gåande.

Mannen i Skarets roman tar konsekvensen av meiningsløysa, seier opp kontorjobben, kjøper seg ein bil og begynner å kjøre sørover gjennom Europa. Han er på reise, både bokstaveleg og metaforisk, kva han er på veg mot og på leit etter, veit han ikkje, men det hjelper å vere i rørsle.

Dette er ramma for romanen, noko eigentleg plott finst ikkje.

Skildringar av det trivielle
Hovudpersonen let tilfeldigheitane rå, det som skjer, skjer. Handlinga spring ut av stadane han kjem til og personane han møter. Mykje av romanen består av skildringar av trivielle gjeremål, men den inneheld og ei slags kjærleikhistorie,  samt eit stort utdrag frå ein botanikars dagbok frå femtitalet. Dagboka begynner på realistisk og tilforlateleg vis, men glir saumlaust over i ei utruleg fortelling om ei bergflette som gradvis får fleire og fleire fantastiske og personlege eigenskapar og til slutt endar opp som skodespelar på Den Nationale Scene. 

Også andre stader beveger romanen seg inn i det surrealistiske, som når eg-personen i ein tilstand mellom draum og galskap møter representantar frå «navigasjonssenteret», som kjem for å konfrontere han med feilgrepa han har gjort. Ein skulle kanskje tru at representantane ville kome med kritikk det verkeleg var eksistensiell schwung over, i staden er ankepunkta stort sett av det heller smålege og pedantiske slaget, som for eksempel at eg-personen ikkje har køyrt kortaste veg til Sinsen.

Romanen tematiserer meiningsløyse, framandgjering og mangel på autentisitet og identitet. For dei som har lese litt eksistensfilosofi og kan sin modernisme frå litteraturhistoria, er dette kjent stoff. Men det vesentlege er ikkje om tematikken er ny, men korleis denne tematikken i akkurat denne romanen blir gestalta litterært; om denne romanen, i akkurat denne forma, formidlar noko originalt, kort sagt: om romanen er vellukka som roman.

Eigen stil
Den fremste kvaliteten hos forfattaren er dei skarpe, sosiale observasjonane, det analyserande, essayistiske språket og blikket for det sosiale spelet. Skaret har lukkast med å finne sin eigen stil, sin måte å skrive på, og berre det i seg sjølv gjer at Nomade er ein roman som er verdt å lese.

Når det gjeld tematikken, bidrar boka iallfall med fleire nye, og etter mitt syn, gode metaforar. Ein av desse er casuals. Casuals er ikkje eigentlege fotballsupporterar, dei bryr seg ikkje om fotball i og for seg, men nyttar fotballkampar og entusiasmen dei skaper som høve til å slåst. Casuals er «fotballverda sine parasittar». «Du er ein livets casual», er den rammande karakteristikken som blir retta mot eg-personen i romanen.

Det eg er i tvil om, er kor god romanen er som heilskap. Romanen består av fleire delar, men det er ikkje heilt klart korleis desse fungerer saman. Sjølv om romanen utforskar nettopp det samanhenglause, er det vel ikkje slik at samanhengen i komposisjonen skal vere laus? For meg framstår delane av romanen som sterkare enn romanen som heilskap.

Les fleire #Bokmeldingar


Oppdatert: onsdag 7. desember 2016 09.19
Kommentarar



 
ANNONSE: