i samarbeid med ABC Startsida
Tema: Helse
Sukkerfrie drikkar er ikkje det rette for barn med feber og diaré. Dei treng kaloriane dersom dei ikkje klarer å ta til seg fast næring.
NPK
onsdag 15. august 2012 11.24
Ikkje sukkerfritt til barn med feber og diarè, men heller kaloririk drikke. Bilete: Colourbox.
På nettsida til Tidsskrift for Den norske legeforening fortel dei ei historia om ein fire år gammal gut som vart innlagt på sjukhus etter å ha vore sjuk i fire dagar. Han hadde berre fått vatn og Cola Light og dermed ingen kaloriar. Då han fekk væske og tilskot av glukose, normaliserte tilstanden hans seg.