– Ikkje kødd med akuttkirurgien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrFs nestleiar er frisk i ordvalet når ho ber helseministeren behalde akuttberedskapen ved lokalsjukehusa. Akuttkirurgien «køddar vi ikkje med», seier Olaug Bollestad.

– Akuttkirurgien er grunnmuren i Helse-Noreg, påpeikar Bollestad overfor Nationen. Helseminister Bent Høie (H) bør dermed vere budd på motstand frå støttepartiet KrF dersom han går inn for å kutte denne funksjonen ved lokalsjukehusa.

Ein gjennomgang Høie har bestilt av 14 mindre sjukehus viser at dei i gjennomsnitt gjennomfører éin akuttkirurgisk operasjon i døgnet. Nyleg sa statsråden at det er så lite aktivitet at det vil vere utfordrande å halde oppe tilbodet. Bollestad kritiserer argumenta for å sentralisere akuttkirurgien.

– At lokalsjukehusa i snitt gjennomfører ein akuttkirurgisk operasjon i døgnet, er ikkje relevant, som også Legeforeningen har sagt. For sjukehusa har vurdert andre pasientar, som er sendt vidare eller ikkje operert.

Bollestad kallar akuttkirurgisk kompetanse ein berebjelke for god beredskap og tryggleik for folk og fryktar ein dominoeffekt dersom han forsvinn.

– Tek ein vekk den akuttkirurgiske kompetansen, øydelegg ein noko av det andre miljøet også, seier ho. (©NPK)