– Ikkje bruk opp pengane våre

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sentralbanksjef Øystein Olsen slapp ei lita bombe under årstalen sin torsdag kveld. Han ønskjer å kutta oljepengebruken frå dagens fire prosent realavkasting, til tre prosent realavkasting.

– Velkommen etter, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn. Unge Venstre uttalte allereie i fjor at bruken av oljefondet burde reduserast til dette nivået.

– Eg blei oppriktig glad då eg høyrte sentralbanksjefen. Det er eit heilt tydeleg fagleg råd, seier Rotevatn til Framtida.no.

Han understrekar at det er viktig at ein held seg til det som er den reelle forventa avkastinga av oljepengane.

– Det handlar om rettferd mellom generasjonane. Det blir urettferdig viss me som lever her no skal ta frå dei ressursane som er her, og bruka opp pengane, seier Rotevatn til Framtida.no.

Skuffa over regjeringa
Unge Venstre-leiar er samstundes skuffa over at både Jens Stoltenberg og finansminister Sigbjørn Johnsen skaut ned forslaget så tidleg.

– Det er typisk mange politikarar at dei synest det er farleg å kutta. Men samstundes må ein hugsa på at dette ikkje betyr at ein må kutta så mykje, men at ein berre reduserer veksten i oljepengebruken, seier Rotevatn.

LES OGSÅ: Noreg er verre enn Hellas

Han vil no arbeida for å få Venstre med seg å kutta i oljepengebruken.

Å redusera handlingsregelen frå 4 til 3 prosent, inneber eit kutta på kring 35 milliardar kroner i år. Men på grunn av at oljeinntektene framleis strøymer inn i fondet, vil det òg bli meir å bruka av oljefondet heilt til all olje og gass er pumpa opp.

– Invester i forsking og samferdsel
Unge Høgre-leiar Henrik Asheim, seier dette til Framtida.no om forslaget frå sentralbanksjefen:

– Det viktigaste no er å bruka oljepengane betre. Målet med handlingsregelen er ikkje berre prosenten ein kan bruka, men at oljepengane skulle brukast på forsking, samferdsel og skattelette. I dag blir alt for mykje av oljepengane brukt på å smøra budsjettet og til å finansiera løpande utgifter framfor investeringar i framtida.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høgare skattar

– Når det er sagt, er ideen om å stramma inn prosenten som kan brukast, interessant. Me står i fare for å bruka alt for mykje oljepengar med dagens prosentsats på 4 prosent, avsluttar Asheim.

Framtida.no ba om ein kommentar frå AUF i dag tidleg, men har ikkje fått svar enno.

Bør ein kutta i bruken av oljepengar? Kva bør ein kutta, og kva bør ein eventuelt bruka meir pengar på?

Faktaboks

– I årstalen sin føreslår sjefen for Noregs Bank, Øystein Olsen, at handlingsregelen blir redusert frå 4 til 3 prosent.
– Handlingsregelen blei innført av Stoltenberg I-regjeringa i 2001, og går ut på at staten kan bruka opp til 4 prosent av den samla kapitalen i Statens Pensjonsfond Utland.
– Då Handlingsregelen blei laga gjekk den utifrå kva som var forventa historisk realavkasting.
– Realavkasting er det same som avkasting minus prisvekst.
– Sidan 1998 har realavkastinga på Statens Pensjonsfond Utland (oljefondet) vore på 2,5 prosent.

Les meir om Statens Pensjonsfond Utland her!