– Ikkje alle kan verte filmregissørar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brør debuterer med kinofilm

– Eg er fæl til å gå ut av kinosalen, ikkje under filmen, men rett etterpå. Eg skal sjå filmen på premieren, men så vert det nok lenge til neste gang. Når filmen er ferdig er eg ferdig med prosessen. Det er som eit kjærleiksforhold som går over, premieredagen er litt som ei skilsmisse, forklarar regissør Henrik Martin Dahlsbakken.

– Og du heng ikkje med eksen etterpå, skyt Oskar Dahlsbakken inn.

Framtida møter dei to brørne frå Hamar på Jæger i Oslo.

LES OGSÅ: Manusmekkaren

Familiedrama 
Henrik Martin Dahlsbakken er sjølvlært filmregissør. Neste veke langfilmdebuterer hamarguten med spelefilmen «Å vende tilbake».

25-åringen har sjølv skrive manus og regissert familiedramaet om to brør, som leiter etter sin forsvunne far i den norske fjellheimen. Med ei psykisk sjuk mor og ein far som er krigsveteran frå Afghanistan kjem filmen inn på fleire dagsaktuelle tema. Sjølv vil regissøren fortelje ei historie om kva sakn etter tilstadeverande foreldre gjer med born og unge

Med seg på laget som filmfotograf har han veslebror Oskar (22). Slik har det vore lenge.

Allereie i 8-9 årsalderen drog Henrik med seg veslebror og kameratar både framfor og bak kamera.

– Det var mykje rart. Mykje sjangerfilm, som action og skrekk. Oskar hadde hovudrolla i ein film om ein ung gut som hadde smugrøykt, då hadde me ein effekt der han òg spelte engel og djevel på kvar skulder, minnast Henrik, som sjølv alltid har halde seg bak kamera.

LES OGSÅ: Norsk natur i hovudrolla

Brannslukking i Mjøsa
Det tok ikkje lang tid før gutane tok produksjonane eitt steg vidare.

15 år gammal og midt i stemmeskiftet starta Henrik med novellefilmen «Tiden imellom»– eit alvorleg drama sett til andre verdskrig.  

Dei fekk midlar frå Frifond og Hamar ungdomsråd. Storebror hadde telefonskrekk, så 12 år gamle Oskar ringte rundt og fekk tak i kjende skodespelarar. Både far og syster trødde til, medan mor var mest uroa.

Då ei sommarscene på eit skjær i Mjøsa vart truga av uventa snøfall, fekk det unge filmteamet hjelp av brannvesenet til å spyle det reint.

Då filmen var ferdigstilt etter tre år vart han vist på fleire festivalar og på NRK.

– Det var ein filmskule i seg sjølv, seier Oskar, som er ein eksamen frå å ha fullført media og kommunikasjon på vidaregåande. Der stoppar skulegongen til 22-åringen.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner


Sminkør og kostymeansvarleg Miriam Lien er ein av barndomsvenene som har følgt regissøren på alle prosjekta. Her med skodespelar Åsmund Høeg. Foto: Lars Olav Dybvig, Slaughterhouse 

Lærevegen
Dei er begge sjølvlærte i faget. Etter medielinja på vidaregåande søkte Henrik filmskulen i Lillehammer, utan å kome inn. Slik vart det til at han tok fatt på teorivegen med filmstudier i England, filmhistorie på Lillehammer og medievitskap i Oslo.

Medan jakka til Oskar avslører at han jobbar på si med NRK serien «Kampen for tilværelsen», har Henrik halde seg til sine eigne prosjekt.

– Eg har berre gjort mine eigne ting, funne min eigen veg og lært av feila mine. Produksjonsmessig er det viktigaste at ein ikkje er redd for å dobbeltsjekke og mase om at ting er på plass, fordi du er så avhengig av å ha alt klart til opptak. På regisida har eg lært meg kor viktig auge for detaljar er. Eg plar seie at detaljar er oversjåbare, men ikkje uviktige, forklarar regissøren ivrig.

Hans største suksess til no er kortfilmen «Mannen fra isødet» (2012), som vart vist verda over.

Det var bokstaveleg talt den som sette filmskaparen på kartet.

LES OGSÅ: Ei annleis eksosrype

Kinofilm på lågbudsjett
Eit toårig kunstnarstipend gav han tid til å jobbe med «Å vende tilbake».

Filmen, som er skote analogt på 35 mm film, har ein sjokkerande låg prislapp. Det starta med 300.000 kroner, der 180.000 kom frå Austnorsk filmsenter og resten frå eiga lomme.

Heile filmen vart spelt inn på to veker i september 2013, i tillegg til nokre restopptak i 2014.

– Det er ytterst lite, me hadde eigentleg to opptaksdagar i ein. Det var faktisk ikkje noko særleg stress fordi me hadde planlagt bileta i detalj – korleis og kvar dei skulle skytast. Men vêrutfordringar i fjellet sette ein liten bremsar, forklarar fotograf Oskar.

Til etterarbeidet av den analoge filmen spytta Film3 på Lillehammer inn ein halv million kroner. Om dei trekk ifrå lanseringskostnadar og eigne arbeidstimar kjem kostnadane på i overkant av ein million.

– Eg plar å seie at ein treng pengar for å lage film. Det er likevel ikkje pengane, men folka og ideen som som avgjer kvaliteten på produktet, seier Henrik, som får støtte av broren.

Oskar trur dei har fått til ein god film, sjølv utan eit budsjett på 10 millionar.

– Eg er fan av uttrykket å vere sin eigen lykkes smed, proklamerer Henrik, og legg til:

– Du kan ikkje skulde på systemet om du ikkje får pengar til eit prosjekt.

LES OGSÅ: Banar veg for heltinner


Opptak er den kjekkaste delen av prossesen, meiner begge Dahlsbakken-brørne. Her sit Henrik i jotunheimen med skodespelar Ingar Helge Gimle. Foto: Lars Olav Dybvig, Slaughterhouse 

Noregs mest sexy film
Akkurat no har dei fem prosjekt gåande parallelt. Lansering av spelefilmdebuten skal følgjast av ein ny langfilm til hausten. Skrekkfilmen «Sensommer» er spelt inn i Frankrike.

– Eg sa til meg sjølv at eg skulle lage Noregs mest sexy film nokosinne med ei 80 år gammal kvinne i hovudrolla, smilar Henrik, som òg tidlegare har jobba med hovudrolleinnehavar Bente Børsum.

I tillegg har Henrik fått midlar frå NFI til ein ny kortfilm. Kalenderen ser lovande ut i lang tid framover. Dei er på veg over kneika inn i filmbransjen, sjølv utan filmskule.

– Eg trur det er sunt at folk har ulik bakgrunn. Mange tolkar oss som motstandarar av filmskule, men det er litt tilfeldig sidan eg ikkje kom inn. Om ein skal kome seg inn utan filmskule krev det enorm sjølvdisiplin og utholdenheit. Eg anbefalar ingen å droppe filmskule, men ein bør ha laga film før ein kjem inn, rår Henrik, som kjenner han har hamna på rett hylle.

– Bransjen er knallhard og ikkje alle kan verte filmregissørar. Eg ser mange unge som har ambisjonar og lagar grei film, men som manglar det lille ekstra. Mykje handlar om smak. Ein må ha god smak for å laga god film. Eg vil fortelje historier som gjer ein forskjell. Om ting eg brenn for, som fascinerer meg eller engasjerer meg. Eg vil opplyse, provosere og røra publikum, forklarar Henrik, som ser fram til premieren.

LES OGSÅ: – Har ein ikkje dårleg tid, er det noko gale

Tøff kvardag
– Folk har inntrykk av at det er mykje festivitas og raud løpar. Men norsk filmbransje er det motsette av glamorøst. Det er ein utakknemleg jobb. Når det er premiere er det mykje ros og klapp på skuldra, men elles er det mykje motgang og kritikk, seier Henrik, som etterlyser litt meir rausheit i bransjen på andre sine vegne.

Begge understrekar at bransjen er hard jobb og mykje uvisse, men angrar likevel ikkje på karrierevegen dei har valt.

Og ein ting er dei begge einige om: Prosessen er kjekkare enn resultatet. 

– Ein må verte driven av det ein gjer kvar dag og å jobbe for det beste biletet heilt til fløyta blåser, elles vert det som ein berre gler seg til helga ein gong i året, avsluttar yngstemann.