Hysterisk morosam kvinnehistorie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka The Trouble With Women tar Jacky Fleming oss med attende til «Gamle Dagar», der det ikkje fanst kvinner. Det fanst menn, og nokre få av dei var geni. Så blei kvinner funne opp, men deira hovud var så små at dei ikkje klarte å gjere anna enn å sy og å spele krokket.

Innimellom fanst det kvinner som lærte utanlandske språk, drog til andre land og blei doktorar. Men det sa ingenting anna enn at kvinner forårsaka trøbbel så fort du lar dei gå utanfor huset. Dei fekk heller ikkje gå ute om kvelden på grunn av sitt dårlege nattesyn. Kvinnene var så emosjonelle at dei berre var inne og grein, nokre gongar hysterisk.

LES OGSÅ: Marta Breen og Jenny Jordahl: – Vi er over gjennomsnittleg interessert i damer

Kvifor alle geniar er menn
Genia vart ikkje imponerte over den nye oppfinninga kvinner.

«Kvinner sine prestasjonar er usle samanlikna med menn sine. Viss du lagar ei liste over eminente menn, ved sidan av ei liste over eminente kvinner, er det openbert at menn er betre til alt, sa Darwin – ein mann du sikkert har høyrd om på skulen, sidan han var eit geni.»

Dessutan hadde geni-hår. Kvinner kunne ikkje ha geni-hår. Dessutan hadde dei for korte armar.

LES OGSÅ: Eg er ein av dei som aldri har hatt mensen

Morosame vinklingar og herleg sarkasme
Illustratør og teikneserieskapar Jacky Fleming (f. 1955 i London) blei feminist då ho studerte kunst på Leeds University. Ho har også sagt at «mange ting i livet mitt byrja å gje meining først når eg nytta ein form for feministisk forståing bak det.»  Fleire av hennar illustrasjonar handlar om maktstrukturar. I The Trouble With Women tar ho eit historisk oppgjer med nedvurderinga og forhindringa av kvinner sine evner og mogelegheiter.  

Fleming gjev oss innsyn i alle «genia» som har meint at kvinner ikkje er like eminente som menn, men som ikkje kan forstå kvifor.

«Kan kvinner bli geni, eller er armane deira for korte? Kvifor lærte vi berre om tre kvinner på skulen? Kva gjorde alle dei andre?»

11-12-1024x672

Desse spørsmåla guidar Fleming oss gjennom, medan ho latterleggjer dei absurde haldningane og argumenta kvinner blei møtte med. I det heile er boka lettlest og rikt illustrert, med morosame vinklingar og herleg sarkasme. Teikningane er vittige, og knyter dei ulike historiene hennar saman. Skrifta kunne til tider vore tydelegare, då løkkeskrifta er litt vanskeleg å lese for oss med lesebriller.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande

Historias bosstønne
The Trouble With Womenslukar ein på ein halvtime. Gjennom den halvtimen blir eg både sjokkert, provosert og glad. Sjokkert fordi vi lærer så lite om den historiske diskrimineringa mot kvinner, og om dei merkelege påstandane som rettferdiggjorde det. Glad fordi Fleming snur opp-ned på historia gjennom humor og skarpe kommentarar, som til dømes:

«Only men had reached the evolutionary level of decision makers, so they had to decide what to make decisions about, then vote on it themselves. In 1875 they raised the age of consent from 12 to 13.»

Til slutt får vi vite at kvinner ofte har hamna i historia si bosstønne. Gjennom fleire hundreår har andre kvinner forsøkt å hente kvarandre opp frå tønna –og det medan dei mistar jomfrudomen på sykkel.  

Fleming imponerer med skarpe observasjonar og humoristiske kommentarar til dei historiske genia. Då kan ein ikkje anna enn å anbefale boka på det sterkaste, og håpe at ho ikkje hamnar i historias bosstønne.

LES OGSÅ: Skihopping er skadeleg for livmora, sa mannen

Faktaboks

The Trouble with Women

Utgjeven februar 2016. I norske bokhandlarar sommaren 2016.

Forlag: Square Peg

Jackie Fleming har laga teikneseriar i over 30 år, og har vore publisert i fleire aviser og tidsskrift

Avisa Independent skreiv i si bokmelding at The Trouble with Women burde vere i skulepensumet.