Hypnose gav Linnéa Myhre idé til roman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hypnose gav idé til roman

For mange lesarar vil ho framleis vere mest kjent som bloggar, men sjølv vil Myhre heller identifisere seg som forfattar.

– Eg synest ikkje det er så gøy å bli omtalt som bloggar, eigentleg. Det er assosiert med rosablogging og å selje lipgloss, seier Myhre til NTB.

Etter å ha gjeve ut to bøker med sterkt sjølvbiografisk innslag, er ho i haust klar med bok nummer tre. Og denne gangen tek ho steget heilt over i fiksjonen og skjønnlitteraturen.

– Eg lovde førre gong å ikkje skrive meir om meg sjølv, men eg syntest det var veldig vanskeleg. Det må vere noko personleg i botnen, seier ho.

– Eg tok utgangspunkt i mine egne røynsler. Etter å ha jobba med stoffet – byta om på scener, hendingar, skrive nye samtalar og bunde det saman i ein heilskap – kjentest det til slutt ikkje som mitt lenger, seier ho.

Hypnose mot kjærleikssorg
Det var behandlinga mot edderkoppfobi som gav henne ideen til romanen «Kvar gong du forlèt meg». Myhre hadde slik skrekk for edderkoppar at ho kunne byrje å grine berre ved tanken på dei. Men ved hjelp av ein hypnotisør fekk ho fobien under kontroll.

– Før var eg skeptisk, men det verka faktisk. Du kan bruke hypnose til så mykje, seier ho.

Behandlinga og erfaringane er å finne att i romanen. Hovudpersonen går til hypnotisør for å takle kjærleikssorg etter å ha blitt forlaten fleire gonger av kjærasten. Myhre seier ho ville skrive om forhold der den eine elskar meir enn den andre. Ein ung, naiv og asymmetrisk kjærleik.

– Eg kan ikkje kjenne meg att, heldigvis. Hovudpersonen er veldig irriterande på mange måtar, seier Myhre.

Les intervjuet Framtida.no gjorde med Linnea Myhre og Eldrid Johansen på eit bokbad i fjor.

Meir kvardagsstrev for Ingrid Winter
Myhres bok er i sal i september. Ho er éin av forfattarane på haustlista til Tiden Norsk Forlag, som blei presentert tysdag.

Gaute Heivoll dreier forfattarskapen i nok ei ny retning med temaet undergang i sin åttande roman, «De skyldfrie».

Nicolai Houm, som fekk sitt gjennombrot for to år sidan, er aktuell med romanen «Jane Ashlands gradvise forsvinning». Eit sorgportrett og ei forteljing om søken etter meining etter ein personleg katastrofe.

Janne Stigen Drangsholt kjem med nye humorperler frå Ingrid Winter, som stadig vekk lèt kvardagslivet hendingar utvikle seg til nærmast eksistensielle kriser. «Winter i verdens rikeste land» er ein frittståande oppfølgjar til «Ingrid Winters makeløe mismot», som Amazon no har kjøpt verdsrettane til.

Tiden har òg to debutantar på lista. Birgit Alm skildrar med mørk humor temaet skam og fattigdom i «Endelig skal vi le», om ei åleinemor som strevar i eit vellukka nabolag. Espen Ytreberg har skrive «Amundsen. En roman», som gir eit nytt blikk på den berømte sørpolsekspedisjonen. (©NPK)

Slik får du siste boknytt og nye bokmeldingar på nettsida di!

Få nyhendebrev med siste boknytt her!