Humoristar lærer deg å snakka mindre

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvhjelp: Sei meir, snakk mindre

Humorist, finnøybu og lokal eldsjel Leif Arild Steen har slått seg saman med humorist, musikar og filosof Torolf Nordbø, og laga ei slags handbok i effektiv kommunikasjon.

Tittelbodskapen snakk mindre, sei meir er inspirert av kommunikasjonskulturen i Ryfylke. Der er ein ifølgje Steen ikkje er redd for pinleg stillheit.

Ved å følgje oppskrifta skal du både få meir tid, redusere stress og blir meir likande.

LES OGSÅ: Å vere innovervend er bra

Hjelp til sjølvhjelp
Målet er å hjelpe dei som snakkar mykje og dei som snakkar lite til å møtast på midten. I tillegg vil forfattarane hjelpe seg sjølv.

– Vi er ikkje kjent for å snakke veldig lite, vi som skriv denne boka.

Leif Arild Steen er mellom anna kjent for NRK-dokumentaren «Dei ustoppelege», der det vert sagt at ein ofte finn han i ein bil på veg til noko. Så også då me får tak i forfattaren.

– Vi som står bak boka er interessert i temaet, og startar frå noko som vart sagt om politikarane i Ryfylke, der eg kjem frå: Dei snakka mindre før, men dei sa meir, seier Steen.

Han innrømmer at boka er tiltenkt ei slags sjølvhjelpseffekt.

– Vi har absolutt mykje å lære på dette området. Samstundes er vi ikkje ute etter at folk skal slutte å snakke, men kanskje det går an å finne ein balanse.

Snakkarar og lyttarar 
Boka er skrive i humorens teikn. Den er full av viktige lærdommar og historier frå røynda, særleg frå Ryfylke. Alle historiene er sanne, og nokre er ekstra sanne, ifølgje Steen.

Ein viktig lærdom i boka er at der finst både snakkarar og lyttarar.

I boka vert det hevda at lyttaren, den introverte, er ein undertrykt og nedvurdert ressurs i samfunnet. Men boka er langt frå ein einsidig forsvarstale for å snakke mindre.

Frilansjournalist, forfattar og skribent Hjørdis M. Halleland utfordrar til dømes tittelbodskapen med sin eigen forsvarstale for snakkarane. Ho skriv: «Eg likar snakkarane best av alle. Snakkaren er festleg, underhaldande, inkluderande og uhøgtidleg».

Ifølgje Steen er Halleland sjølv ein erketypisk snakkar.

– Hjørdis er kjent for at ho kan plapre i veg om ingenting i det uendelege. Berre snakk med henne så skjønar du kva eg meiner, påstår Steen, før han strekar under nytten:

– Vi hadde lyst at boka ikkje skulle vere ein einsidig forsvarstale for dei fåmælte. Det hadde vore litt kjedeleg.

Den optimale kommunikator
Spørsmålet i boka er eigentleg kva ein optimal kommunikator er. For å finne svaret har Nordbø og Steen fått med seg eit knippe kommunikatorar, deriblant artisten Kjell Inge Torgersen og lærar, elektrikar og 17. mai-talar Arne Nordbø.

– Kven ville du ha sete fast med på ei aude øy, lyttaren eller snakkaren? spør Steen.

– Tja, ein mellomting, kanskje? svarar eg.

Det perfekte svar, ifølgje Steen. Men finst denne kommunikatoren?

– Eg kjenner nokon som eg syns har den gode balansen, og dei ser eg veldig opp til, er det mest konkrete svaret Steen gir på det.

Den utadvendte introverten
Sjølv identifiserer han seg litt med korleis artist Kjell Inge Torgersen si skildring i boka: ein introvert som framstår som ein ekstrovert.

– Eg er i utgangspunkt ein beskjeden kar, men eg framstår ofte som ein som kan plapre i veg. Mange stillferdige bruker det å snakke mykje som eit meistringsverkty. No håpar eg at eg skal finne ein slags balanse, då.

At snakkarane har overtatt, også i arbeidslivet, er rett og slett eit samfunnsproblem, meiner Steen. Han trur vi går glipp av mykje kompetanse om me ikkje slepp lyttarane meir til. Til dømes var Einstein ein kjend introvert, ifølgje forfattaren.

Korleis veit ein då om ein snakkar for mykje og bidreg til dette samfunnsproblemet?

– Om nokon openlyst byrjar å gjespe, så har ein nærma seg ytterkanten. Men allereie når ein mistar blikk-kontakten og samtalepartnaren vert stille og roleg så er det på tide å teie. Eigentleg trur eg mange snakkarar veit dette, men dei klarar det ikkje heilt – dei får panikk av den pinlege stillheita. Dei føler ansvar for å halde samtalen i gong. Det er ein vond sirkel.

Og nettopp her trur Steen det er mykje å lære frå kommunikasjonskulturen i Ryfylke. Der er ein ikkje redd for den grusame stilla.

– Gå inn på kva butikk som helst i Ryfylke og du kan observere to karar som fører følgjande samtale:

– Eeeh, jo.

– Javel.

– Nhæi.

– Akkurat.

– Javel.

– Neeei.

– Jaja, snakkast.

Peike finger
Når Steen blir bede om å namngje personar som seier meir enn dei snakkar, dreg han på det. Kan det vere ei urealistisk ideal dei skildrar i boka?

– Vismenn, som Gandhi, er erketypiske ideal på personar som seier meir enn dei snakkar, kjem det etterkvart.

Gandhi, ja. Det er noko å leve opp til! Personar som snakkar meir enn dei seier då? Svaret kjem noko raskare:

– Min medforfattar Torolf Nordbø er ein sånn som snakkar altfor mykje, og seier altfor lite. Han kan eg putte i den båsen med ein gong, og det trur eg faktisk han kan vere einig i.

Kjønnskilnader
Ein del av historiene i boka spelar på såkalla klassiske kjønnskilnadar. Det vert til dømes hevda at kvinner snakkar meir enn menn, slik som Solfrid, kona til Oddvar på Jørpeland – ein typisk snakkar:

 

Etter eit kaffislabberas hjå naboane køyrde dei heim. Etter ei stund på vegen blei bilen deira stoppa av politiet. «Er du klar over at kona di fall ut av bilen for fleire kilometer sidan?» spurde politimannen Oddvar. «Takk og lov!» svara Oddvar. «Eg lurte ei stund på om eg hadde blitt døv.» (Frå Snakk meir, sei mindre).

 

Ein kan også fordjupe seg i det forfattarane meiner er klassiske skilnader i kvinneleg og mannleg kommunikasjonskultur, som at kvinner søkjer nærleik, medan menn søkjer rom. At kvinner har fellesskap som mål for samtalen, menn vil formidle ein bodskap. Eller at kvinner meiner kjensler er viktige, medan menn meiner dei er forstyrrande.

Er dette basert på eigne erfaringar?

– Altså, vi er ikkje ekspertar. Heime hos meg er det heilt klar ein ganske stor skilnad i korleis vi kommuniserer. Vi veit jo at det finst både snakkarar og lyttarar av begge kjønn, men det finst så utruleg mange vitsar om kjønnsskilnadane. Det er kanskje ikkje utan grunn at det ofte handlar om at kvinner snakkar meir, meiner Steen, før han snur spørsmålet til journalisten:

Kva er di erfaring?

Tja, seier eg. Mi erfaring er at menn ofte påstår at kvinner snakkar mest, medan kvinner ofte meiner menn snakkar mest.

– Har du til dømes høyrt om «mansplaining» – altså at veldig mange kvinner har opplevd å få forklara korleis verda heng saman frå ein mann?

– Haha, seier Steen då.

– Det kjenner eg meg att i.

Are Kalvø tek føre seg kommunikasjon på StortingetKva som dei hadde krangla som vanlege folk?