Høyrt om cowfunding?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På nettsidene Cowfunding.se kan forbrukarane kjøpe kua allereie før ho har kome fram til slakteriet.

LES OGSÅ: Blosom er den høgaste kua som har levd

Gardsbesøk
Konseptet som opphavleg kjem frå Holland har fått namn etter det engelske ordet «crowdfunding» eller «kronerulling». Men i staden for å spleise på eit filmprosjekt eller ei oppfinning spleisar folk på eit levande dyr.

På nettet kan forbrukaren velje seg ut ein kurase og kva del av kua som verkar best. Når 25 personar har kjøpt seg inn i ei ku, går dyret til slakt og vert sendt heim til kjøparen.

Ei gruppe bønder i Skåne står bak sida og leverer gratis på døra til kjøparar i nærområdet.

Bonden Hans Ramel kan melda om stor interesse for varene.

– Me vil syna konsumentane kvar kjøtet kjem ifrå, og gje dei moglegheit til å velja kjøt på ein opplyst måte, seier Ramel til Sydsvenskan.

Bonden tilbyr ikkje berre kjøt på døra. Om folk har lyst å sjå varene på nært hald før dei kjøper kua kan dei til og med kome på gardsbesøk.

Kuene skal beite ute store delar av året, for ein mest mogleg berekraftg produskjon.

LES OGSÅ: Her er den eldste kua i landet