Hormonforstyrrande stoff i tyggis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot tyggis

Forbrukarrådet har testa 68 tyggjegummiar for det hormonforstyrrande kjemikaliet BHA, og resultatet er nedslåande. Over halvparten av produkta inneheld stoffet, som kanskje kan vere helseskadeleg.

Tyggjegummiane blei kjøpt inn i kioskar og daglegvarebutikkar i Oslo i februar 2014. Det blei totalt kjøpt inn 68 ulike tyggjegummiprodukter. Ingredienslista blei sjekka og 36 av produkta inneheldt BHA, 32 av produkta inneheldt ikkje stoffet.

– Resultatet er både overraskande og skuffande. Hormonforstyrrande stoff høyrer ikkje heime i matvarer og slett ikkje i tyggegummi, som appellerer sterkt til barn, seier fagdirektør i Forbrukarrådet Gunstein Instefjord på nettstaden forbrukerradet.no.

BHA (E 320/Tert-butylhydroxyanisol) er ein syntetisk antioksidant som vert brukt som konserveringsmiddel i kosmetikk og næringsmiddel. BHA er ført opp på EUs kandidatliste over stoff som har vist hormonforstyrrande effekt i eitt eller fleire dyreforsøk. Stoffet er ikkje lett nedbrytbart. (©NPK)

Sjå lista over tyggisane som er testa!

Tyggisane på bildet med raud ramme innheld BHA. Foto: Forbrukerrådet